Har nokon sagt noko til deg som fekk stor betydning for vidare vegvalg i livet? Vi er alle avhengig av at nokon ser og bekrefter våre gode sider. For barn er det livsnødvendig, men det kan og bety ein stor forskjell i vaksne sitt liv. Det er ikkje alltid så lett  ha tru på den spede begynnelsen, eller spiren til noko som ein bærer inni seg, som få veit om.

Derfor er det så viktig at vi gjer dette, når vi ser medmennesker sitt potenisale. “Eg ser du er så flink til å ta ansvar. Du har ledarpotsnsiale, veit du det?” Eller “eg ser du er kreativ, og har kunstneriske evner, dette bør du utvikle.”

Av og til kan dei bekreftande orda vere profetiske, og Gudsendte. For ein del år sidan kom ein kjend norsk kristen musikar til meg og sa: “Du skriv låter du, gjer du ikkje? Det skal du fortsette med, og du skal gi det ut”. Ettersom eg ikkje hadde sagt noko til han om dette, rekna eg med det var glimt av Guds ord til meg han formidla. Kunnskapens nådegåve, eller evna til å tale profetisk, gjennom ein dyktig musikar eg hadde stor tiltru og respekt for. Iallefall sokk det i meg. For eg tenkte at sangane mine var så dårlege. Det han sa gav eg frimodighet til å spør ein anna kjend kristen musikar og artist om å produsere plata mi. Så vart det ei plate til slutt.

Dei bekreftande orda kan betyr utrulig mykje for oss, det kan føre til at vi tar riktigare vegvalg. For ein ungdom kan det bety styrke til å følge hjertet, og bli det han eller ho passer til. Det er ikkje alltid så lett å vite og sjå det sjølv, kva ein duger til alltid. Iallefall ikkje som ung. Og for barna våre kan det bety sjølvtillit til å vite at eg kan noko, og eg får det til. Alle har vi gaver og talent, alle er flinke til noko. Kvifor ikkje då bekrefte det vi ser i våre medmenneske?