Eg har ofte lurt på kva begrepet religiøs betyr egentlig, når det har blitt nærast eit skjellsord i enkelte andre kristne miljø om andre kristne og særleg dei som høyrer til i gamle kyrkjesamfunn som den katolske kyrkja, den lutherske eller den ortodokse. Ein almenn definisjon er at religiøsitet er å tru på noko som er utanfor seg sjølv, noko guddommeleg. Kvifor nokre skulle lage sin eigen definisjon har eg aldri skjønt. Og særlig fordi at når folk bruker det som eit nedlatande ord om andre kristne er det alltid for å framheve seg sjølv som bedre enn andre menneske. Sjølvgodhet har vel aldri ført noko godt med seg. Har det vel?