Rom 14, : Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til.
Dei siste dagane har eg tenkt på korleis det må vere å få ein dødsdom. “Du er alvorlig sjuk, du har kun nokre månader att leve.” Heldigvis har eg aldri fått ein slik dom. Men fleire eg kjenner har det. Og dei har takla det veldig forskjellig. Eg kjem aldri til å gløyme ein bekjent som fekk eit par veker på seg. Han kasta seg rundt, og ordna opp i verda. Han ringte folk han kjende, sa farvel, gav vekk ting og levde 100% den siste tida, med fred. Slikt gjer inntrykk. Eg veit og om ei som planla si eiga gravferd, og skriv ei siste helsing til dei frammøtte. Ho og mannen levde maksimalt den siste tida. Tøft var det, men ho levde med heile seg dei månadane ho kunne, og døydde med fred. Så er det kontrasten, folk som faller heilt sammen, og bruker siste månadane på å fornekte det som skjer, og som panisk leiter etter ein siste kur. Eg meiner ikkje det er galt å søke helbredelse i slike situasjoner. Men desperasjonen kan øydelegge den siste tida. Eg har tenkt tankane siste tida, og lurt på korleis eg sjølv hadde reagert. Hadde eg fått panikk, eller hadde eg greid å leve makismalt og utnytta tida som var att?
Eg kjenner folk som har døydd til tross for iherdig forbønn og intenst håp om bedring. Nokre av dei fekk ikkje fred, men hadde det vondt til det siste.
Det er visdom i Paulus sine ord frå Romarbrevet. “Om eg lever eller døyr, gjer eg det for Herren”. Å dø for ein kristen er overgang vidare til det nye livet. Håpet om herligheten må ikkje svinne i krampaktige forsøk på å ville forlenge eit liv som ebbar mot slutten. Det er intet nederlag for ein kristen og reise heim til himmelen. Men det er vondt for dei som sit att. Men for dei må og håpet om himmelen få leve.
- foto: Solveig Grønstøl.