foto/copyright: Solveig Grønstøl-2005

Har du rom for tvil i livet ditt? Eg hadde ikkje det før. For eg skulle alltid vere sterk og tru. Eg skjulte meg bak utsagnet: at Tomas (disippelen som vart kjend for sin tvil) aldri tvilte etter pinsedag. Alstå: Tomas tvilte aldri etter han vart fylt av Den Heilage Ande. Heller ikkje skulle eg tvile. Og det gjorde eg heller ikkje, før nokre få år sidan. Det eg trudde på byrja så smått og slå spekker. Kanskje var ikkje alt slik eg hadde trudd og tenkt. Eg byrja å stille spørsmål ved ting. Så oppdaga eg at dette faktisk var sunt, og heilt nødvendig. Det har endra meg, til det bedre trur eg. Eg er ikkje fullt så bombastisk. Og eg er meir open for at både eg og andre er undervegs. Det er ikkje alltid at ein ser like klart gjennom livet. Av og til kan vegen vere tåkefull og mørk. Natta kan vere lang. Men at ikkje eg ser betyr ikkje at Gud ikkje er der likefullt. At eg ikkje alltid ser betyr ikkje at han har gløymt meg. Eit kjend jødisk utsagn er at “om du slutter å tru på Gud, slutter ikkje Gud å tru på deg”. For Gud er større enn din tvil og til tider vantru. Er det rom for tvil, vil det og vere rom for ny vekst. Er det ikkje rom for tvil, vil fallet bli stort den dagen eg ikkje greidde å tru sterkt lengre. Verden ville falle sammen. Kanskje eg ville falle fra, og sei: Gud finst ikkje lengre!

Eg vil ha rom for tvil og rom for både skodde og natt. Livet skiftar. Det vil det alltid gjer. Men om det er natt har ikkje landskapet skifta form. Gud er der framleis.Men eg kan tvile. Det er ikkje så farleg.