fotograf: Solveig Grønstøl

“De må slutte å rakke slik ned på kvarandre.” Busssjåføren var roleg, men bestemt og alvorlig, da han snakka strengt til jentene på bussen. Han hadde nok høyrt pratet. Det var ikkje det at dei var uvenner sikkert. Dei verka til å vere gode venner eigentleg. Likevel kunne eg høyre tydeleg at desse ungdomane snakka ufint til kvarandre. “Forstår de ikkje at de bryt kvarandre ned med måten de snakkar på?”. Sjåføren snakka tydeleg. Han såg på tenåringsjentene i setet. Den nesten tome bussen stod stille enda. Det var nokre minutt til avgang. Han stirra dei rett inn i augene. Han meinte det han sa. Han hadde nok høyrt kor dei hadde rakka ned på kvarandre. Det var ikkje første gangen han hadde sagt noko høgt heller. Ei av jentene såg ned. Ingen av dei sa noko. Det vart stilt. Og eg tenkte der eg sat lenger bak: Tenk om det var enda fleire vaksne som hadde tørd å vere så ærleg og direkte som denne sjåføren. Han brydde seg, og lot ikkje drittpratet passere. Eg skulle ønske eg hadde litt meir av slikt mot.