Gjennom alle ting

Eg er så takknemlig for at vår Gud er ein Gud som er med oss gjennom alle ting som skjer oss i livet. For livet er ikkje alltid så enkelt å leve. Det er dagar og netter, det er tider med sol og finever, men og tider med storm og uver. 

Dei siste dagane har det vore storm. Det er utriveleg å gå ut, og lyden av vinden øydelegg nattesøvnen. Då er det godt å ha eit trygt og varmt hus, sette på godt med varme, og kose seg inne.
Slik er det og med livet. Det er tider då det bles, og vi treng ein skjulestad, eit ly for vind og ver.
Når det stormar i livet kan vi finne ein tilfluksstad og skjulestad hos Gud. Han vil verne oss, ikkje frå å oppleve det vonde, men han verner oss slik at vi ikkje kjem i fare, og tek skade av uveret.
Når eg er innandørs høyrer eg stormen blåse der ute, og eg kan til og med kjenne trykket frå dei verste vindkasta. Men eg er trygg. Nettopp slik er det å sitje på Faderfanget hos vår himmelske Far og. Om livet kan kjennast utrygt, er ein likevel trygg hos Gud.
For to dagar sidan vart «stormen» til ein song:
Gjennom alle ting
Mitt skjulested
min sikkerhet
Du holder meg, 
tett inntil deg
I sorg og savn
du fyller meg
Du gir meg fred
tar meg i favn
Gjennom alle ting
gjennom alle ting
gjennom alle ting
er du mitt sikre vern
du er  mitt skjulested
copyright: Solveig Grønstøl
Advertisements

One Comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s