Takk Linda Austnes!

Linda Austnes er ei kvinne eg beundrar. Ho er kjend frå «nok er nok aksjonen» som fekk stor oppslutnad for nokre år sidan. No har ho skrive bok, som enda ikkje er komen ut, der ho fortel ope om at ho som kristen kvinne har vore forelska i andre menn enn han ho var gift med. I dagens DagenMagazinet kan du lese meir.

«Ein kan ikkje hindre at fulglar flyg over hovudet, men ein kan hindre dei i å byggje reir,» er eit kjent ordtak. Vi kristne er intet unntak. Ein skulle ofte tru at vi er heva over slikt, at vi liksom skulle vere bedre, og ikkje kjenne på slike kjensler, noko mange opplever at dei gjer. I årevis har kristne og religiøse fortrengt feil kjensler. Forkynnarar forkynner om eit liv som ikkje relaterer til det vanlege mennske opplever i sine heilt vanlege kvardagar. For vanlege kristne menneske strir med feil kjensler til tider, og feilaktige tankar, men dårleg sjølvkjensle, med stress og bekymringar, som alle andre gjer. Om vi hadde vore modige og opne om det, som Linda Austnes, ville ikkje desse kjenslene vore så farlege. Linda fekk råd om å få trollet fram i lyset. Når det berømte trollet kjem fram, sprekk det, som kjent. Om vi i kristne miljø tør å vere opne om ting som kan vere vanskeleg ville fleire kunne fått hjelp til å leve sine kvardagsliv.
Så all ære til Linda- du er ei heltinne, måtte fleire gjer som du, og tørre å stå ope fram med det som er livet, på godt og vondt! La oss begynne å snakke sant om liva våre. Vi kjem så mykje lengre då.
Advertisements

2 Comments

  1. Interessant å lese det du skriv om Linda og å vere open om slike tema. Nokre kristne synest det er bra, andre ikkje. Men sidan det du kommenterer kjem frå ein artikkel i DagenMagazinet, hadde det vore realt å kreditere avisa. Boka har enno ikkje kome ut. Sjå her: http://www.dagenmagazinet.no//Nyheter//Samfunn/tabid/248/Default.aspx?ModuleId=60100&articleView=true. Der finn de også ein link til eit interessant intervju med Geir Byberg i Ungdom i Oppdrag. Debatter gjerne også på http://www.kristenblogg.no. Med helsing Bjørn Arild Hatlem

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s