Pedofiliens mareritt

I går kveld såg eg dokumentaren «Pastorens hemmelighet» på TV2. Ein pastor og misjonær har forgrepe seg på to små gutar. Det kan vere fleire. Den eine guten, som havna på gata som 4-åring, hadde han adoptert, og skulle vere ein kjærleg far for. Den nye framtida til guten vart eit helvete. Fleire år tidlegare hadde denne mannen og forgrepe seg på ein gut frå vestlandet.

Eg kjente til denne saka frå før, og har høyrt så mykje rart, at ein skulle tru at ein ikkje vart overraska lengre. Men eg er rysta. Det gjer vondt. Tenkjer på offera, og familiane rundt, og tenkjer på overgriparen, som eg sjølv har høyrt på talarstolen. Kven hadde trudd dette, den gongen? Fasada var så fin, så polert. Det var ein lykkeleg mann, ein munter forkynnar. Ein perfekt familie. Baksida kjente ingen, utanom dei involverte, gutane sjølv og overgriparen.

At mannen ikkje lenger har tillit i pinsbevegelsen viser at noko der fungerer. Han fekk sparken, med rette. Skada som er gjort er uboteleg. Gutane sit øydelagte tilbake. Kona hans måtte smerteleg innrømme for seg sjølv at ho hadde ein pedofil mann. Korleis det var kan ein vel berre tenke seg. Og Gud veit kor mange andre som sit såra rundt om. Skadeomfanget av slikt er enormt.

Over skjermen rullar bilde frå ei forsamling på Karmøy, som for meg som tidlegare Karmøybu lett kunne kjenne att. Ei avisannonse vert vist. Den pedofile er framleis aktiv i ei anna forsamling vel og merke. Han vert brukt som trekkplaster på møter. Og framleis kjem folk for å høyre på mannen. Kva er det folk tenkjer på? Eg sit rysta i sofaen. Kva truverdighet har ein mann som har gjort noko slikt? Han har misbrukt og øydelagt små barn.

Leiaren i pinsbevegelsens etiske råd vert intervjua. Ho seier ho vegrer seg for å ringe menigheten der denne mannen er aktiv. Ho er redd dei ikkje skal tru hennne. Ho skjøner ikkje at nokon kan sleppe han til.
Mannen får forkynne, men ikkje jobbe med barn. Vrøvl- kallar eg slikt. Hykleri! Kva sigal gjev det til barna våre? Korleis kan andre mødre og fedre, og besteforeldre ha tillit til ein pedofil mann som forkynner om nåde og tilgivelse? Heile scenarioet er eit mareritt.
Man må tilgi, høyrer ein. Folk må alltid få en ny sjangs. Men må dei det? Er det ein menneskerett å vere kristen ledar, eller predikant? Er man det, må man ha tillitt Å ha tillit til ein pedofil skal mykje til. For meg hadde det vore umogleg.

Dei små blant oss er sårbare, og vi må passe på dei Vi må vakne opp frå vår naivitet. Sjølv den finaste utsida kan vere eit bedrag.

Det finst nåde og tilgjeving for den mest groteske handling. Men det betyr ikkje at der ikkje finst konsekvensar. Ein forkynnar må ha truverdighet. Ein pedofil forkynnar har ingen truverdighet, det seier seg sjølv. Å sleppe til slike på talarstolen er eit svik mot ofra, mot familien, mot tilhøyrarane, og overgriparen sjølv.

Er mange kristne blenda, av nådegaver, talegaver og eit karismatisk ytre? Det er ikkje alltid samsavar mellom liv og lære. Det ytre kan like gjerne vere eit bedrag.

Takk til TV2 som fekk denne saka opp i lyset. Det er på tide kristne miljø tar skikkelig tak i denne problemstillinga, og rydder opp. Det er alt for mange lik i lasten rundt om. No må det ryddast opp. Og tausheten MÅ brytast. Det vinn alle på.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s