Paulos sak blir tatt opp igjen

Tv2 melder no om at Kripos no reiser til Brasil for å avhøyre Paulo om det som har skjedd. Det skulle berre mangle. Det ser ut til at saka likevel ikkje er foreldra, fordi pastoren ikkje har snakka sant om tidspunktet overgrepa slutta.

Eg er så glad for at politiet endeleg tar tak i dette. Paulo fortener oppreisning for ein øydelagt barndom. Pastoren bør ta si straff, og fratas «kappe og krage» dvs muligheten til å stå på talerstolen igjen. Korleis slik kan handterast i frikirkelige miljø, bør vel diskuterast. Men om ein prest hadde gjort noko slikt hadde han jo mista muligheten til å vere prest. Ein pedofil, som til og med har innrømma overgrep, burde ikkje stå på ein talarstol, same kva.

Ein anna gledeleg ting no er at det er fleire politikarar som tar til ordet for å endre lova om foreldelse. I dag løper foreldelsen fra overgrepet skjedde. Dermed går mange overgriparar fri. Det går årevis ofte før folk orkar å snakke om dette. Og ungar har ingen forutsetning for å setje ord på dette. Derfor er det gledeleg at det no ser ut til å bli ei endring i lovverket.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s