Tilgivelse og misbruk av den

Tilgivelsen er reine mysteriet. Stort og ufattelig. Tenk at all synd er tilgitt, frå Guds side. Alt vi treng er å ta imot hans tilgjeving for syndene våre. Då er han trufast og rettefrdig, og renser oss frå all synd.

1Joh 1:9 9 Dersom vi bekjenner våre synder, er han trofast og rettferdig, så han forlater oss syndene og renser oss fra all urettferdighet.

Det er ei forutsetning for tilgivelsen, nettopp det at at vi bekjenner våre synder. Då først kjem Gud til i våre liv, og tilgivelsen vert ein realitet i våre liv.

Tilgivelse har i mange samanhengar etter mitt syn blitt misbrukt. Ein bruker tilgivelse som eit slags universalmiddel for å løyse seg sjølv frå alt som er vondt og vanskeleg i livet. Men tilgivelse i bibelsk forstand krev faktisk omvendelse og at det som har gjort urett faktisk ber om tilgivelse.

Misbruk av tilgivelse kjem ofte til utrykk i overgrepssaker og når det vert gjort andre maktovergrep i menighetssamanhengar. Det første folk ofte får høyre når ein fortel historia si er: «Du må tilgje.» Dette kan kjennast som eit nytt overgrep. Mange opplever liten grad av forståing for det dei har opplevd. Min påstand er at tilgivelse vert brukt for å feie ting under teppet. Om offeret «tilgir» kan vi gløyme heile saka, og gå vidare som ingenting har skjedd. Trur vi. Men vi kan ikkje gå vidare. Utan omvendelse, og at folk kjem til ein erkjennelse av det dei har gjort, og folk tar eit oppgjer med uretten som er begått, kjem vi ikkje vidare. Utan at sanninga kjem opp, og folk tek konsekvensen av den, kjem ikkje folk vidare. Vi kan feie ting under teppet for ein periode, men etter ei stund vil ting kome til overflata igjen.

I Lukas står det kanske konkret om tilgivelse. Dette er ingen lettvindt sjølvutslettande tilgivelse. Det står klart kor tid vi skal tilgi. Dersom han angrar skal vi tilgi, står det.

Les sjølv:
Luk 17:3f Ta dere i vare! Om din bror synder, så tal ham til rette. Og dersom han angrer, så tilgi ham! Om han så synder imot deg sju ganger om dagen, og sju ganger kommer tilbake til deg og sier: Jeg angrer! – så skal du tilgi ham.

Tilgivelse krever alstå omvendelse og anger fra den som har begått urett. Noko anna greier eg ikkje å finne i bibelen. Tilgivelse blir i mange menighetar tatt ut av sin rette samanheng og brukt som ein slags fortrenigsmetode og måte og feie ting under teppet på.

Det er konsekvensar når urett blir begått. Ein pastor som viser seg å ha misbrukt unge jenter i menighetar, bør ikkje vere pastor meir. Ein forkynnar som viser seg å vere pedofil kan ikkje forkynne meir. Mange vil innvende at han/ho bør få ein ny sjangse dersom han/ho omvender seg. Ja, det kan dei få, dersom dei har menighetens tillit. I mange tilfeller vil dei aldri få det. Og då kan dei heller ikkje virke meir heller. Tilgivelse og tillit er ikkje det same. Kanskje det er her mange kristne rotar det til?

Skjekk ut denne desse linkane:

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s