Påskmysteriet, sett med barneauge

Før påske har kateketane her alltid påskevandring. Ungane i småskulen og barnehagen får leike seg gjennom påskeevangeliet, og på den måten får kunnskapen ein heilt anna grobotn i små barnesinn enn om dei berre hadde fått det fortalt på den vanlege måten.

Dagen før minte ungane meg på det. «I morgon skal Beate vaska føtene våre!» Det var ei viss forventning i lufta.Og dagen etter fekk eg referat. Minstejenta vår på snart fem hadde fått full kontroll over påska, og alle dagane, og kva som skjedde med Jesus. Fotvask på skjærtorsdag, Judas sitt kyss, og Jesus på krossen, og heile pakka. Ho la ut i det vide og det breide, med stor og inderleg innlevelse. Kateketane hadde tydeligvis gjort jobben sin, og formidla bodskapen på ein måte som hadde gjort stort inntrykk. «Og veit du kva som skjedde på 1. påskedag då?» spurte eg med stor forventning. No trudde eg verkeleg det store mysteriet skulle få sitt cresedo. Då smilte storebroren lurt og kom kjapt med eit svar, før lillesøstera fekk sjangs til å svare. «Jo mamma, då kom påskeharen!»
Ha ei strålande fin påske!
Advertisements

4 Comments

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s