Ei uforgløymelig preike

Vi var i konfirmasjon på ei lita øy på vestlandskysten. At ferja var for lita til å ta med alle bilane med festkledde gjester, seier vel litt om storleiken på denne plassen. Iallefall, det var ein strålande dag, med solskin og vindstille. Så det var ikkje noko særleg stort problem at bunadskledde konfirmantgjester måtte gå ein halvtime til kyrkja.

Kyrkja var stappfull denne føremiddagen, så vi sat tett på dei harde benkane. Ei andektig stemning fylte kyrkja i det organisten briljerte med sitt preludium. Så langt var alt ved det normale. Men litt uti seremonien skjedde det noko. Det var stille i kyrkja og vi venta på neste innslag. Brått høyrtes ein uforklarleg intens lyd frå galleriet. Først forstod eg ikkje kva som skjedde. Kjenslene var overveldande. Men etterkvart skjøna eg kva som var i gjære. Nokre eldre 1. sopranar i eit slags kvinnekor satte i å synge med nokre kvinande vibratostemmer som fekk håra på armane til å reise seg i sjokk. Den voldsomme opplevinga gjekk som eit støkk gjennom forsamlinga. Eg huka meg ned og holdt meg for munnen, og håpa ingen høyrte meg. Så kremta eg for å svelge eit nesten ukontrollert latterbrøl. Eg våga ikkje kikke på sidemannen i frykt for å bryte ut i krampelatter. Så etterkvart stilna «sangen» og forsamlinga kunne pusta letta ut. No skulle presten til å preike. Dagens tekst var om den barmhjertige samaritanen. Han holdt ei god preike denne dagen, presten på denne lille øya. Ei godt illustrert preike, som alle hugsa på vegen heim. Det var kanskje det som vart problemet.

På vegen heim fylte nemleg folk opp bilane så godt dei kunne. Sola var kome høgt, og varmen var ganske intens for dei som gjekk med bunad. Eg hadde ikkje på meg min, fordi eg var gravid den sommaren. Men vi la i veg, med ungdoms mot for å rekke den eine ferja som gjekk. Fullstappa bilar køyrde forbi, ein etter ein. Her var det ingen mulighet for å få haik. Eg tenkte mest på svigerinna mi som var høggravid. Det hadde jo vore kjekt for henne å få skyss, tenkte eg. Så skjedde det. Presten som hadde snakka så varmt om å ta seg av kvarandre og hjelpe dei som trengde det, køyrde forbi i god fart. Og han var aleine i bilen. Akkurat som presten i forteljinga om den barmhjertige samaritanen, for han rett forbi. Rett forbi to gravide damer.

Vi fekk oss ein god latter resten av vegen. Og vi hugsa den preika til dags dato. Og vi kjem aldri til å gløyme 1. sopranane på galleriet. Kanskje prestar og predikantar skulle illustrere preikene sine litt oftare. Eg meinar, då hugsar kanskje folk kva som har blitt sagt. Men då er det ein fordel at dei vel rollene med omhu, slik at alt vert rett. Ellers trur eg dei skal la vere.
Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s