Levande kjøkenskap

Av og til tenkjer eg at alt var så mykje enklare før. Før alle dingsane invaderte kjøkkenbenkane og skapa våre. Ja for då hadde husmødrene plass. Trur eg. Av og til. Eg ville ha stort kjøken då vi pussa opp det gamle stygge kjøkenet. Stor skulle det vere, med massevis av skapplass. Slik at det ikkje vart overfylte skap. Og ein stor benk, til å bake på. Det skulle eg ha. Saken er den at no, nokre år etter, er skapa mine fulle til randen, og benken flyt over av det eg ikkje får plass til i skapa.

To gonger i året har eg opprydning. Ut med alt som ikkje trengs. Det må jo vere masse inni skapa mine eg ikkje treng, sidan dei er så overfylte. Kvar gong står eg der med ei lita eske med overflødige koppar og kar, litt småbetutta. Eg som trudde eg skulle få skap som eg med frimodighet kunne opne og vise all verda, utan at brødformer, og serveringsfat kom seglande ut. Det fekk eg ikkje. Det kjem alltid ei ny dings, nokre kule koppar eller arvegods frå ein eller anna slektning, eller nokre fat «eg berre må ha», eller ein kul dings eg fekk for å melde meg inn i bokklubben (dei har eg mange av).

Eg skulle berre ønske eg kunne ha eit koselig kjøkken, med ryddige kjøkenbenkar og kjøkenskap. Det var heilt sikkert bedre før i tida. Då hadde det hverken cappuchinomaskin eller brødristar, eller beistaktige kenwood kjøkenmaskiner. (kor er designaren???) Eg lurer på korleis eg eigentleg greidde meg i vårt tidlege ekteskap, med 40 kvadrats leilighet, med tekjøkken, og to tilhøyrande små skap. (men den gongen var vi jo med respekt og melde berre to då.)

Eg får sikkert ikkje ryddig kjøken, slik som i interiørmagasina. Men det lever iallefall i beste vegåande. Det var sikkert ikkje så enkelt i gamle dagar heller forresten, med vedkomfyr og klevask for hand i bekken. Hadde eg levd då, hadde eg iallefall ikkje hatt tid til å blogge!
Bilde: Jonatan likte ikkje lyden av kjøkenmaskina då han var liten.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s