Endelig vaksen?

Eg er visst vaksen no. Eg trur eg må innrømme det. Eldste dotter mi på 10 synes eg allereie er håplaust gammeldags, enda eg berre såvidt har passert 30. Eg skjønar det ikkje.

Då eg var nygift, og 19 år hata eg blondekoppar, ja du veit slike porselenskoppar med rosa yndige blomar på, og som er fulle av krusedullar. Eg orka ikkje synet av dei, så dei vi fekk i bryllupspresang havna innerst i skapet.

Etter ein del år, byrja det. Eg trur ikkje eg ville innrømme det med det same. Men litt etter litt begynte eg å like dei. No er det noko av det finaste eg eig!

For nokre månadar sidan henta eg fram bestemorsblondegardinene mine og. Det hadde eg aldri- aldri trudd om meg sjølv. Eg som ikkje kunne fordra blonder og dill og dall, har no blitt skikkelig blondete. Forstå det den som kan.

Er det fordi eg er i ferd med å bli vaksen?

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s