Alle fugler små de er- om begravelse av lille fugl som avgjekk med døden ein dag i mai.

Ungar finn på mykje rart. Og i går kveld fekk vi oss ein god latter då våre to eldste kom heim etter å ha vore med å arrangert begravelse for ein liten fugleunge.

Det byrja for eit par dagar sidan, fortalde eldstejenta vår. Då observerte ho denne stakkars småfugleungen som skulle lære seg å flyge. Han flaug rett i eit tre, ustødig som han var på vengene. Litt meir tragisk var det at naboen klipte plenen den dagen. Så den lille døde fugleungen mista haudet og, etterkvart, under grasklipparen.

Så i går fann ungane i nabolaget på at dei skulle begrave stakkaren. «Vi må ha ei eske,» var det eit glupt hovud som kom på. Ja, ein av gutane la på sprang, og var snart attende med ei høveleg kiste. Jenta vår fortalde at gjengen fekk seg ein god latter då dei såg kva eske det var: det stod nemleg «kylling-snacks» på. Jaja, tida var så komen for ei ekte begravelsessalme. Og kva var vel meir passande enn å synge «Alle fugler små de er»? Dei stod der visst og song, høgtideleg over båra til denne stakkars hovudlause fugleungen då katten til naboen kom vandrande for å delta i begravelsen. Så då vart sangen endra til «alle fugler små de er, spiser vi med tyttebær».

Vi lo godt vi vaksne og i går kveld då ungane utbroderte historia. Eg skulle likt å sett dette på film. I mellomtida får vi nøye oss med å ha skrive ned historia.

Advertisements

One Comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s