Nødvending bekreftelse

Kva er det med oss kristne? Kva er det som gjer at vi er så snare med å kritisere og så seine med å rose?

BEKREFTELSE SOM BARN. Då eg var lita jente fekk eg rikelig av brekreftelse av mine foreldre. Dei fortalde meg kor høgt eg var elska, og dei viste det i praksis. Dei oppmuntra meg, og sa: Dette greier du. Så flink du er! Som vaksen og kom inn i menighetsmiljø fekk eg høyre at folk helst ikkje skulle oppmuntrast for mykje. Då kunne dei bli stolte, og som kjent: Gud står den stolte imot. Andre sa ikkje at det skulle vere slik, det berre vart slik. Når nokon gjorde noko gale, var ein rask med å slå handa på dei. Men når det gjekk fint, vart ingenting sagt. Stillheten rådde. Eg trur ikkje slik praksis er eineståande for dei miljøa eg har vore i. Tvert imot trur eg desverre dette er eit stort problem i kristennorge.

OG VAKSNE. Vi alle treng bekreftelse, liten og stor. Det er ikkje slik at vi som er vaksne og «modne» kristne ikkje treng å høyre at vi betyr noko og at nokon er glad i dei. Eg har mange gonger høyrt undervisning om at modne kristne ikkje treng å høyre slikt, då dei får alt dei treng av kjærleik og bekreftelse frå Herren.Det forkynnelsen manglar er sjølvsagt perspektivet om at Gud har skapt oss mennekse til fellesskap. Og Gud bruker oss menneske til å bekrefte kvarandre i dette fellesskapet.

Kvifor sit det så langt inne å gje skryt til nokon som har gjort ein god jobb? Eller oppmuntre nokon som har ein dårleg dag? Kva kostar det oss å sei: «Eg set pris på deg»?

OPPMUNTRING. Oppmuntrande ord kan forvandle dagen totalt for menneske, medan taushet øydelegg, nesten meir enn vonde ord. Eg har til gode å møte menneske som vert høge på pæra av rettmessig ros. Men eg møter mange som vert nedbrutt av manglande ros og tilbakemelding.

I mange menighetar rår litt for ofte dei dårlege tilbakemeldingane. Når nokon gjer ein brølar skal dei iallefall få høyre det! For kvar negative kommentar trengs 7 positive for å fylle på tanken igjen seies det. Det er noko å tenke på. Om vi går i minus står vi i fare for å miste motivasjonen til å gjer ein god jobb.

ENDRE SPRÅKBRUK. Mange ledarskap og pastorar klagar på menigheten. Det er vanskelig mange gonger å få folk til å stille på dugnad, og gjere ein innsats for fellesskapet. Er det på tide å gjere noko med måten ein snakker til og ikkje minst om folk på? Om folk vert bekrefta, og om dei kjenner at dei er betydningsfulle, vil dei som regel også yte.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s