Familievennlig IKEA og kirka

Årets IKEAkatalog har nettopp dumpa ned i postkassa. Vi kaster oss over den, og den leses fra begynnelse til slutt, og studeres opp og ned. No er vi tre i familien som gjer det. Eg for min del elsker å gå på Ikea. Eg treng ikkje kjøpe noko, men berre gå å kikke. Sist gang eg var der var vi berre innom for å kikke, og ete middag. Det var då eg begynte å sjå dei små detajane som gjer susen. I kafeen er det gratis barnemat til dei små. Man får gratis bleie i resepsjonen om man treng det. På toalettet er der ein liten og ein stor do, ein liten og ein stor vask, med tilhørande såpedispensarar. Ikea har verkeleg skjønt at viss ungane vert tatt på alvor trives foreldra. Og kven er den viktigaste målgruppa? Jo det er folk i etableringfasen. Og dei er ofte småbarnsforeldre. Genialt!

Det var då eg tenkte på kirka. Tenk om det går an å skape ei kirke der ungane vert tatt på alvor. Det må jo gå an. Mine ungar trives der dei vert sett, og der dei vert respektert. Går det an å lage ei kirke der barna våre blir verdsett frå dei kjem inn døra? Der ungar trives, trives foreldra. Går det an å forkynne enklare slik at fleire skjønar det som vert sagt? Går det an å legge opp møta slik at alle kjenner seg inkludert? Eg drøymer om familievennlege kirker, der ungane ikkje vert forvist til eit teiknebord bak i lokalet. Eller ein film på loftet. Eg drøymer om kirker der barnemøta handlar om Jesus, meir enn bod og reglar. Det finst masse bra barnearbeid. Men kva om vi sidestiller barna med dei vaksne, og seier: De er like viktige! Vi vil forkynne slik at de forstår! Vi vil ta ungane våre på alvor! DU skal kjenne at DU er verdifull frå du går inn denne døra. Greier vi det?
Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s