Bladet FOLK og apostlane

Bladet FOLK frå Kristent Nettverk har ramla ned i postkassa igjen. Eg har ikkje talet på kor mange gonger eg har sagt opp det bladet, men eg får det lell. Men det er no så. Somme tider kan det faktisk vere interessant og oppbyggelig lesestoff, så lenge det ikkje handler om profetar og apostlar, og dertil såkalla apostoliske nettverk og slikt. Då kjenner eg ein anelse adrenalin og eg vert lettare engasjert på ein pussig måte.

Etter å ha lese ein artikel av Noralv Askeland om apostoliske nettverk på (side 9-11 i Folk nr 3-09), sit eg att med spørsmålet; kor tar du det frå? Kor finn ein i NT at apostlar og profetar er ei slags overopphøya stilling over menigheten? No er det ei stund sidan at eg har gått grundig inn i tekstmaterialet i Apostegjerningane. Men sist eg gjorde det, på leit etter maktstruktarar fann eg dei ikkje. Paulus hadde ingen mulighet til å kontrollere og detaljstyre menighetane i lille- Asia på den måten som enkelte «apostedrivne» menighetar gjer i dag. I dag har vi heilt andre mulighetar til å holde kontroll, og strukturere- overstrukturere vel og merke.
Slik eg ser det var menighetane i den første kristne tida ikkje særleg organiserte og struktrurerte i vår målestokk. Les vi i Apostegjerningane finn vi høgst ulike måtar å organisere ting på. Og kyrkjehistoria har vel lært oss at dette kan gjerast på ulikt vis.
JA vi treng tenestegåvene i menigheten! Dette er noko Gud har gitt til menigheten, som ei teneste (har vi gløymt kva det ordet betyr?- det er ikkje eit ord ein skal smykke seg med, men noko ein gjer for andre). Tenestegåvene er ikkje sett til å herske, eller styre andre menneske, men til å tene. Her er ein himmelvid forskjell. Når ein les FOLK skulle ein tru at Gud har sett tenestegåver over menigheten for å formidle kva Gud har sagt. Dette er så langt eg kan skjøne gamaltestamentleg tankegang. Historia i norsk kristenhet har vel vist at slikt ledarskap IKKJE fungerer. Og når det ikkje er særleg nytestamentleg heller, er det jo ikkje noko å spare på? Eller? Og kor vart det av skriftstedet: «Underordne dykk kvarandre i ærefrykt for Krisus?» Ef 5,21
Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s