Om vekkelsen som aldri kom

Eg har berre passert tretti, eg er ikkje så gammal. Men eg har opplevd litt, og hørt litt. Ein ting som eg har hørt ein del av i mitt kristenliv er om vekkelsen som skulle kome. Ein dag, då alle skulle storme til bedehusa og kirkene, og bli frelst. Eg levde i den drømmen ei stund, delvis iallefall.

Og delvis har eg fått oppleve småglimt av det vi kan kalle vekkelse. At folk blir frelst, døpt, og tillagt menigheten, i ein større skala enn den vanlege. Men på eit tidspunkt fann eg ut at om vi kristne skal sitte i ein kjellar og be om vekkelse, og vente i det uendelige, kjem vi desverre til å sjå lite frukt av det vi gjer.

SKJULER VI OSS? Vi ber gjerne, vi krstine. Og i mange tilfeller skjuler vi oss bak eit slags åndelig sfære. Vi ber om vekkelse, om har slutta å oppføre oss som om folk skal bli frelst. Og kansje blir vi endatil nervøse om det dukker opp kirkeframande på møta våre?
GI ANLEDNING. Pastor i Agapekirka i Ålesund, Mark Wottoon forteller at han alltid har frelsesinnbydelse på møtene i kirka. Folk skal alltid få ein annledning. Og ved at ein alltid gjer annledning, skapes forventning.
MÅLET. Vi driv ikkje kirke for at folk skal få tilfredsstilt sine åndelige kickbehov og sveve i ei slags himmelsk herlighetssky, men for at folk skal få møte Jesus i eigen person. Det MÅ vere fokuset. Og mi holdning har endra seg frå at dette skal skje ein dag i ein stor vekkelse, til at dette skal vere det normale menighetslivet.
DET NORMALE ER VEKST. For kor vart det av vekkelsen? Den lever vidare i hjertene til ein del kristne. Men eg er redd for at vekkelsen blir ei slags sovepute for å holde seg trygt annandørs på bedehuset, eller i kirka. «For det er så fryktelig hardt der ute.» Om vi går til apostelgjerningane og dei første kristne ser vi ikkje spor av egosentrisk kristendom, heller ikkje av kristne som låser seg inne i menighetslokala. Her er det daglig vekst og ekspansjon det normale.
ENDRING. Det som har liv i seg, vil vokse, det vil endre seg. Det som ikkje gjer det er enten dødt, eller kunstig. Om den siste som vart frelst var Gerda, som gav seg over i 1982, er det katastrofedårlig. Vi har ikkje gjort jobben vår. Kvifor er det så vanskelig å innrømme at vi har bomma på målet? For viss ein prøver seg på litt sjølvrefleksjon er det alltid nokon som går i skyttergrava.
Illustrasjon: Toronto Airport Christian Fellowship-foto: Solveig Grønstøl
Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s