Heltemamma

Det nærmer seg jul no. Joda, det er enda ei stund til, men eg kan ikkje for det: i hovudet har eg såvidt begynt å planlegge presangar, og julefeiring. Line Konstali har nettopp gitt ut boka, «Ikke bare mamma», som handler om å bli mamma i ung alder. For 200o år sidan var det ei ung kvinne i Palestina som vart gravid utanfor ekteskap. Det var uhørt i den tida, ho kunne bli steina. Livet hennar og den skjøre livsspiren i magen hennar var i fare. Barnet hennar ville vokse opp som ein lausunge.

Maria var berre omlag 15 år den gongen. Ho tok sjangsen, og ofra si eiga ære for å bære fram Jesus. Josef tok og risikoen ved å ta Maria, som allerede var gravid med ein annan, til kone. I det siste har tanken slått meg at risikoen dei tok var formidalbel. Barnet i Marias mage var unnfanga av Den Heilage Ande. Det var litt av eit mysterie og bære i magen! Men ho gjorde det faktisk utanfor ramma av ekteskapet.

I dag har mange små livsspirer ikkje livet rett. Det er ikkje alment akseptert å bli mor i ung alder. Mange blir stempla som ansvarslause og lite ambisiøse. Det finst endatil predikantar som stempler «uekte» barn som ei slags forbanning. Det var meir av dette ulumske før, men holdningane eksiserter enda. Og mange unge mødre får kjenne dei på kroppen i ulik grad.

Eit lite barn er ei velsigning, ei Guds gåve, sjølv om det skulle vore unnfanga utanfor ekteskapet. Dei unge mødrene som bærer fram desse små fortener all støtte og oppmuntring frå dei som er rundt og samfunnet, både i form av moralsk støtte og gode økonomiske støtteordningar.

Dei unge mødrene som ikkje vel bort barna sine, men bærer dei fram er eigentleg heltar, slik Maria var. Ho tok ein sjangse som ikkje var allment akseptert. Kven veit kva desse små skal bety for andre i framtida?

Foto: shutterstock

Advertisements

One Comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s