Kristenliv med substans

Kva er det som verkeleg gjer substans til kristenlivet? I ei verd der ingenting er rett og gale, der alt er relativt, der vi bygger det meste på kva eg føler, kva er det som gir livet substans?

Etter å ha begynt på teologistudie, og må lese mengder med teologisk litteratur, har ein ting blitt enda klarare for meg. Det som verkeleg gir mitt kristne liv substans er Guds ord. Frå barnsbein, med bibelhistorie på søndagsskulen, til smådrypp på sengekanten frå barnebibelen. Eg vart eldre, og fekk vidare drypp på barnekor, konfirmantundervisning, og bibelgrupper med vennene mine. Så gjekk eg eit par år på bibelskule. I dag er eg takknemlig for at eg fekk så mykje som lita.
At ein kristen skal lese bibelen, har vore tvangstrøye for mange. Og i vår kristenliberale tidsalder er det heller ikkje in å sei at du bør noko, er det? Mange, inkludert meg har slite med det.

Men vi kjem ikkje forbi at Guds ord er mat for kristenlivet vårt. Og i tider der ein ikkje greier å lese bibelen, kan ein minne seg sjølv på vers ein har lest før, eller bibelske sannhetar ein har høyrt. Gud veit nok at vi ikkje greier alt. Livet er skiftande, men vi kjem ikkje forbi at det er Guds ord som gir liv. Men kvifor begrense det til å lese? Det kan syngast, lyttast til, memorerast, mediterast, tenkast på og ikkje minst levast. Berre fantasien set grenser her. Guds ord er iallefall LEVANDE.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s