Om uføretrygda pastorar

Andelen sjukemeldte og uføretrygda er i Norge urovekkande høgt. Om vi ikkje klarer å snu utviklinga, vil velferdsstaten få store problem i framtida, når eldrebølga skyller innover oss med full kraft. det er mange grunnar til at andelen uføre er så høg. Dårleg tilrettlegging i arbeidslivet for funksjonshemma, eit hardt og brutalt arbeidsmarked, auke i psykiske lidingar, helsekøar og manglande oppfølging ved sjukdom er berre nokre få av mange grunnar til at det har blitt slik.

Men det er ei side til, som eg tykkjer er skremmande. Nokre arbeider nemleg fullt som frivillige i menighetar, både som evangelistar og pastorar, samtidig som dei mottar uføretrygd. I det siste har eg blitt kjent med nokre slike eksempel. Er ikkje dette svindel av velferdsstaten? Om folk kan reise som evangelist og jobbe fulltid som pastor gratis for menigheten, er dette eit arbeid på lik linje med andre arbeid. Kvifor får desse trygd? Er det ikkje påtide med eit oppgjør når det gjeld dette i frikirkenorge? Uføre som eigentleg sit med full jobb i form av pastoralt ansvar og omreisande evangelistteneste bør ikkje motta trygd. Gje heller slike pastorar og evangelistar lønn til å leve av.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s