Trenar"drittsekkar"

Den svært så dyktige trenaren Peter Müller har fått sparken av skøyteforbundet. Slibrige og trakkaserande kommentarar og diverse utskjellingar av utøvarar vart meir enn norsk skøytesport kunne tole. Då fekk det ikkje hjelpe kor dyktig han var. Takk og lov for det. Etiske aspekt og gode verdiar må gå foran prestasjonar. Skøyteforbunder gjorde jobben sin, og sette verdiane i høgsetet. Norsk skøytesport kan ikkje vere bekjent slik oppførsel frå ein trenar. Det hjelper ikkje at han skulle vere god. Heldigvis.

Korleis er det i andre sammenhengar? Ikkje alle har eit forbund i ryggen når dei opplever trakkasering og mobbing. Undersøkelsar viser at mange skuleelevar blir mobba av lærarar. Kven talar elevane si sak? Mange vert mobba av sjefen på jobben. Kven taler deira sak? Mange vert og offer for elendig ledarskap i menighet og organisasjonsliv. Kven taler offerets sak? Dårlige ledarar er det litt for mange av. Kvifor er det ikkje fleire av dei som får sparken? Det viser seg at dårlig lederskap er helsefarleg. Maktmisbruk er ein av dei store fallgruvene for ein ledar. Det får store konsekvensar for dei som skal ledast. Korleis få bukt med dette problemet?

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s