Foreldrenostalgi

Det skjer noko med mange av oss når vi vert foreldre. Mange vert utrulig nostalgiske. Vi hugsar attende på vår lyserosa og lyseblå oppvekt, med Jul i skomakergata, og Torbjørn Egners bøker. Vi vert blanke i augene når vi viser ungane kva vi hadde då vi var små, og prøver å få dei til å lese dei same bøkene.

Ungane mine liker ikkje Jul i skomakergata, og dei gjesper intenst når eg prøver å lese Hakkebakkeskogen for dei. Dei skjønar ikkje kvifor eg på død og liv skal få dei til å lese om Berit og Anna, og dei andre ungane i bakkebygrenda, og rister på hovudet av mine forsøk på å få dei til å like det eg likte som lita. «Var barneTv verkeleg sååå kjedelig mamma?» Men noko er det same. Ungane elsker Pippi og Emil, om enn på norsk da. Astrid Lindgrens univers er og blir evig populært hos mine. Eg sørger over at dei ikkje vil sjå det på svensk.

«Foreldre er veldig nostalgiske når dei låner bøker til ungane sine» var det ein bibliotekar som sa for nokre år sidan. Mange klager og syter over den modere barnekulturen. Alt var visst så mykje betre før, trur kvar generasjon foreldre. Spørsmålet er om det var.

Våre barn har sjølvtillit, i blant ein overdose. Men la gå. Våre barn får tilpassa opplæring. Vel, ikkje alle, men skulen er definitivt betre enn den var ein generasjon tilbake. Våre barn har mindre sjangs for å dø. Barnedødligheten er kraftig redusert.

Vi har det alt i alt betre enn før. Og ungane våre lever i eit anna samfunn enn vi gjorde. Vi kan jo prøve å kjempe mot, eller hive seg uti og prøve å forstå og vere med å forme det samfunnet ungane våre veks opp i. Det er definitivt annleis enn vårt barndomsrike iallefall.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s