Church Makeover?

I går såg eg eit av mine favorittprogram på Fem: «Salong makeover», som liknar litt på norske «Hellstrøm». Tabetha hjelper kriseramma skjønnhetssalongar, og det går ikkje pent for seg. Iallefall ikkje dei første dagane. Harde virkemiddel blir brukt for å få salongen på rett kjøl igjen. Tårer og snørr renn. Det må ryddast opp i elendig ledelse, og slappe ansatte. Av og til må nokre ansatte gå, eller sjefar må overlate styringa til nokre andre. Det er trist, men nødvendig. Tabetha bruker nokre dagar for å få salongane på beina igjen. Det må drastiske virkemiddel til, for uten forandring no, venter ein konkurs like om hjørnet. Det kan virke brutalt. Men etter tårene og frustrasjonen kjem både ny glød og lidenskap for jobben. Salongar blir pussa opp, skitne salongar blir vaska og rydda, gamle konfliktar blir ordna opp i. Kanskje nokre må krype til korset og be om tilgivelse. Ansatte lærer å spele på lag. Ledarar lærer å lede på ein god måte, og spele på lag med sine underordna.

Assosiasjonane mine gjekk til menighetslivet. Eg veit samanlikninga er haltande. Guds menighet er inga bedrift. Likevel må vi sjå i augene at mange menighetar kjem til å dø ut om ikkje noko drastisk skjer. Gjennomsnittsalderen er faretruande høg. Budskapet appelerer ikkje lenger til omverda. Eller er det innpakninga som ikkje appelerer til folk utanfor?

Mange menighetar kunne trenge ein church makeover. Ei skikkelig opprensking i sakene. Ledarar som ikkje fungerer, menighetsmedlemmer som syrer på gjerdekanten, manglande resultat av virksomheten. Mange held på til krampa tar dei, men utan resultat. Kan det vere på tide å evaluere nokre arbeidsmetoder og renske opp i nokre holdningar, få inn litt kriseforståelse, og hente inn ekstern hjelp? Eller skal mange menighetar rett og slett få avgå med døden?

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s