Blanke ark

I vår gjekk tv-serien Blanke Ark på TV Norge. Åtte skulesvake ungdomar skulle få ein sjangse til å kome opp på akseptabelt fagleg nivå i norsk og matematikk. Mange av dei hadde gitt opp, og var opgitt av både  skulen og lærarar. Dei hadde lite tru på seg sjølv. Dei hadde tryna så mange ganger, prøvd før. Det er kanskje ikkje så lett å tru på seg sjølv når ein har eit stort merke; TAPAR i panna. Slik kjentes det kanskje for fleire av desse. Eg hugsar spesielt ein av gutane. Han var så inderlig tom i blikket. Han mangla håp, og tru på seg sjølv. Han hadde gitt opp. Når han fekk spørsmål han faktisk kunne svare på, svarte han i vilden sky. Utan mål og meining. Han hadde så lita tru på seg sjølv, at han ikkje eingong brydde seg om det han kunne ein gang. Men litt etter litt, med hardt arbeid, og tilrettelagt undervisning, bekreftelse og konstruktive tilbakemeldingar gjekk det på fram for alle ungdomane. Alle gjorde store framskritt, alle kom seg vidare. Gnisten i augene var tent på ny.

Mange av oss treng blanke ark av og til. Vi fiksa ikkje det vi skulle. Vi fekk det ikkje til. Vi rota oss vekk, og øydela for oss sjølv. Eller kanskje har livet fart hardt med oss. Blanke ark treng vi alle frå tid til anna. Ein ny start.

«Om du sluttar å tru på Gud, sluttar han aldri å tru på deg», var det ein som sa. (Eg hugsar ikkje kven det var). Om vi våger å gje Gud rom i liva våre kan vi alltid få ein ny start. Det betyr ikkje at det gamle er gløymt. Det vi har opplevd bærer vi med oss. Men sår som blir stelt med gror, og arra blir etterkvart svakare med tida. Dei er der, ein del av oss, men smerta frå dei er ikkje overveldande lengre.

Gud vil gje alle menneske blanke ark. Han vil gje alle den nye starten som alle så sårt treng. Frelsa i Jesus er ein slik start. Å gje livet sitt over i Guds hender er ein ny start. Det er ikkje enden på alle problem, men starten på ei livsvandring, der ein ikkje lengre må gå aleine.

Jesus tek handa di, om du lar han få den. «Mamma, eg synes bare det er så godt å halde i den gode handa di» seier lillejenta mi på 5 1/2. Det er godt å halde i ei stor hand. Og det er trygt. Aller best er det å la Jesus halde i di hand. Om vi let han få gripe tak i handa vår, får vi ein ny start, med blanke ark. Saman med han.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s