Visjonar

Eg var innom på ei bibelgruppe i ein menighet i østlandsområdet her ein kveld. Praten og ærligheten sat laust denne kvelden, og temaet var visjonar. Har vi visjonar for liva våre? Kva er ein visjon? Korleis leve ut menighetsvisjonen?

Eg har etterkvart i mitt litt over 30 år gamle liv rukke og vore innom litt ulike forsamlingar som alle har snakka om viktigheten av å ha visjonar. Dette har hatt ulike utrykk, og ordet visjon har gitt meg med tida noko blanda kjensler. Eg veit ikkje heilt kva eg meiner om det. Det er mykje snakk om å ha sin personlege visjon, og viktigheten av å skrive denne ned. Eg har aldri fått det til. Eg håper ikkje det vil ikkje sei at eg er visjonslaus.

Ein på gruppa denne kvelden snakka om viktigheten av å vere tilstede der ein er. Å vere for visjonsretta kan vere ei form for virkelighetsflukt, ein måte å leve i framtida på, istadenfor å gripe øyeblikka her og no. Ein visjon kan og vere berre eit skal av svulstige ord, som eigentleg berre står der på eit ark, utan noko form for innvirkning på livet forøvrig. Samtididig er det fint å ha eit bilde på kor ein skal i livet. Kva vil eg bruke mitt liv til? Eller enda viktigare: kva vil Gud at eg skal bruke livet mitt til?

Vi kan ha våre visjonar og planar, men det vesentlege er å vite Guds planar og tankar. Ikkje alltid lar han oss få vite det. Vi ser stykkevis og delt. Og ofte vert ikkje livet som vi hadde tenkt. Sjukdom kan ramme, ting vert berre annleis enn vi hadde rekna med.

Samfunnet skrik etter effektivitet, etter at vi skal produsere, etter lykke og framgang. Mange klarer ikkje det kjøret. Det er viktig at vi som Guds menighet ikkje lar oss rive med i dette maset.

«Elske Gud, elske livet, elske mennekser», er ein visjon til ein menighet. Eg liker det. Den rommer så masse, og rommer essensen i ein kristens liv. Eg vil gripe dagen, samtidig som eg har eit blikk framover, på Guds visjonar, på det han har tenkt. Og så trur eg han lar os få drømme, utan av vi skal drømme oss vekk og bli vikelighetsfjerne.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s