Du er vakker!

Eg har skrive om det før, og gjer det igjen. Vi damer treng å minne oss sjølv om det stadig vekk. Har du nokon gong samanlikna deg med Hollywoodmodellar? Eller forsidedamer på KK eller Henne? Har du nokon gong tenke:» eg skulle ønske eg var som dama i motemagasinet? Eg skulle ønske huden min var like glatt, rumpa like spretten, at magen min var like flat?» Har du sett deg i speilet og tenkt: «eg burde virkelig gjort noko drastisk med meg sjølv?»

Sannheten om modellane og forsidepikene er at det heile er eit bedrag. Det er falskt. Dei ser faktisk ikkje annleis ut enn du gjer ein mandags morgon.

Kjendisfordumminga går oss helt til hovudet. Vi vil bli noko vi ikkje kan. Vi vil ha ein kropp som ikkje er mogleg å oppnå. Ein ting er å leve sunt, og ta vare på kroppen sin. Ein anna ting er å leve i det slanke og kroppshysteriet som mange i dag er fanga i. Unge jenter får spiseforstyrringar, og lever i eit press utan like. Det skal sjå bra ut, sunne, sterke, tynne. Utan det misser mange fotfestet.

Eg var sjølv fanga i eit slikt mas i ein liten periode av livet. For mykje trening, høge krav til meg sjølv, overdreve sunnhetskrav, og for lite mat gjorde meg ute av stand til å ete normalt. Alt eg greidde å få i meg var riskaker og youghurt. Heldigvis greidde eg å bryte sirkelen. Den gongen var det ingen legar som skjønte kva som feilte meg. I dag hadde sikkert nokon skjønt det.

Vi er ulike. Vi er skapt slik. I fotografiens verden har eg lært å finne fram til det vakre i kvart enkelt menneske. For det er der, ein stad. Alle Guds skapningar er vakre. Det einaste som er stygt er menneske som fornedrar seg sjølv, og utstrålar sjølvforakt. Kanskje vi alle har eit ansvar i forhold til kvarandre å elske fram det vakre og genuine?


Her kan du sjå litt av kva som lurer oss:

Slik blir kjendisane manipulert

Advertisements

2 Comments

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s