Kva er det som gjev menighetsvekst?

Eg er som folk flest. Eg leiter etter den ultimate oppskrifta på det meste her i livet, og skulle ønske det fantes lettvindte løysningar på det meste, der vere seg alt frå husvask og middagslaging, til menighetsliv og menighetsvekst.

No har jo eg ikkje tilhold i menighet for tida. Ikkje av det ordinære slaget iallefall. Jo vi er fem, eg, mannen og våre tre små. Men det er vel kanskje litt utanfor den tradisjonelle defininisjonen, sjølv om den kan diskuterast.

Nye menighetar dukkar opp rundt om, nye måtar å gjere ting på. «Hillsong-lookalike», pinsekarismatikk, kyrkjefornying, Torontomenighet og husforsamlingar. Alle med ei genuin tru på at svaret er funne; kruttet er i deira hand. Eg gjekk ein gong lei, og orka ikkje å gå i menighet lengre. Så alt for lenge hadde eg til tider stilletiande, men og noko protesterande sete i salen og høyrt predikantars og ledarars utlegning om diverse strukturar og dingeldangel som skulle revolusjonere menighetslivet. Heftig lovsang, bønnemøter, G12, kvinne og mannsgrupper, naturlig kirkevekst, røykmaskin på plattforma, lysarmatur og nye høgtalarar. Ingenting virka, og eg vart lei, og slutta. Eg leita i bibelen etter svar, og fann det eigentleg ikkje. Eller det eg fann sa meg; virkegreiner og menighetsstruktur er veldig lite omtalt. Det finst inga mirakeloppskrift.

I går låg eg og tenkte. Kva er det då Gud, som eigentleg gjer vekst? Vil desse nye menighetane vokse i eit langtidsperspektiv? Eg var sjølv med på menighetsplanterbølga på 90-talet, då nye menighetar voks opp bak kvar lita forblåste busk. Dei blåste fort vekk igjen og, mange av dei. Vil det same skje med det nye i dag? Er det døgnfluer? Vil folk i dag bli like skuffa, igjen, og få enda mindre tru på menighet, enda ein gang?

Svaret som dukka opp i meg overraska meg, men du kor enkelt det var. «Så lenge Kristus blir forkynt, kjem menighetane til å vokse». Kanskje strukturen er litt underordna då? Det finst så mange måter å organisere seg på, så mange måter å ordne verden på. Ein struktur må ein ha, men det er forkynnelsen av Kristus som er det sentrale.Eg slo meg til ro med svaret eg fekk. Så lenge Kristus blir forkynt, vil menigheten vokse. Så enkelt, eller?

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s