Dåpsdebatt hos pinsevennar

Tidspunktet for rett dåp er eit av dei store historiske teologiske stridestemaene. Og pinsevennane har alltid vore krystallklare. Først tru, så dåp, som skrifta er ganske så klar på. Ikkje ein stad finn ein omtale av barnedåp i bibelen. Likevel har vårt lutherske trusfjell gjort spørsmålet vanskelig, då dei fleste av oss faktisk blir barnedøpt.

Men er barnedåp rett dåp? Slik eg kan sjå det er det ikkje det. Då eg døypte meg med truande dåp då eg var 15, kom eg fram til at min barnedåp ikkje var rett dåp, heller ikkje rett tidspunkt. Eg var 2 månadar då mine foreldre bar meg til «dåp». Eg kunne umogleg ha ei bevisst tru. Men likefullt trur eg at eg var eit Guds barn, slik Israelsfolket vart rekna som Guds barn, inntil dei var store nok til å ta stanpunkt sjølv. At eit lite barn som ikkje vert barnedøypt skulle gå fortapt om han døydde før dåpen, kan eg ikkje på nokon måte finne skiftleg belegg for i bibelen.

Andreas Hegertun, pastor i Filadelfia Oslo seier ifølge KS at han forstår dei som ikkje vil døype seg igjen. Mitt store spørsmål er da om han ser på barnedåp som ordentlig dåp? For mange av oss som døypte oss etter å ha vore barne»døypt» kosta det verkeleg. Mange mista venner, og måtte gå frå sine forsamlingar. Dette er knskje annleis i dag, og der finst ein større aksept for ulike synspunkt? Eg håpar iallefall det. Er barnedåp dåp i ordets rette forstand?

I følge Den Norske Kirkes bekjennelsesskifter er gjendåp ein av dei verkeleg store syndene. Ein gjendøpar er dømt til evig fortaping, og pine. Dette er heldigvis ikkje bibelens ord. Det takkar eg Gud for.

Om pinsevennane forlet sitt dåpsstanpunkt og tillet medlemmer som er udøpte er det ein ny kurs. Om det er bra eller ikkje kan ikkje eg sei. Men man må debattere det. Til alle tilder har dåp vore kriterie for medlemskap i menigheten. Vil ein fortsette å forkynne dåp om man legg ned lista? Eller seier ein at dåpen ikkje er viktig lengre. Om ein gjer det trur eg verkeleg ein taper noko. Dåpen var eit vendepunkt for meg. Ei samvittighetspakt med Gud, ei sterk symbolsk handling. Eg tilhøyrer Kristus. Om ein tonar ned dåpen vil ein tape noko trur eg. Det blir spennnde å sjå kva pinsebevegelsen kjem fram til.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s