Tenke sjæl

Trond Viggo syng om  at du må tenke sjølv. Ein gong var eg i eit miljø der det ikkje var tillatt å gjer nettopp det. Ein sjølvutnevnt «gudsmann» hadde monopol på Guds vilje. Stilte du spørsmål ved det som vart sagt vart du stempla som opprørar. Var du kvinne i tillegg hadde du noko dei kalla Jesabels Ånd. Eg fekk augene i meg nokre gonger. Ikkje frå «gudsmannen», men nokre av hans beundarar. «Tør du verkeleg å sei det du gjer, tør du å kritisere?» Samanhengen eg var innom den gongen gjekk på sin smell. Etter ufattelig mange år, og mange skuffelsar for hundrevis av menneske. Etter at ikkje så reint få hadde fått på pukkelen, i skjul. Stempla som oppviglarar, stempla som frafalne, som slike som ikkje ville gå med Gud.

Vi ber til Gud, så skal han ordne opp, var holdnnga hos nokre. Det er dette eg til stadighet møter hos ein del kristne den dag i dag. Gud skal liksom ordne opp i galskapen om vi menneske lagar til. Saka er at han som regel overlet til oss menneske å gjer det. Vi må snakke saman. Vi må løyse konfliktar. Vi må kome i dialog, eller kanskje tilogmed forlate eit usunt miljø som ikkje let seg forandre.

Alle har vi ansvar. Gud har gitt oss det. Først og fresmt ansvar for eige liv, dernest ansvar for å vere med å skape gode miljø rundt oss. Ved å stilletiande godta at folk ikkje får tenke sjølv, gjer vi både oss sjølv og andre urett. Slike miljø er skadelige, ja direkte farlege. Det er mange havarerte ekteskap, og psykiatriske diagnosar i kjølvatnet av usunne menighetsmiljø.

Vi har lov å tenke sjøl, vi har lov til å stille spørsmål. Heldigvis. Gud har jo skapt oss med ein hjerne. Den er ikkje ein trussel mot Guds vilje. Men undertrykking av andre er det.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s