Striden i KRF

Nestleiar i krf, Inger Lise Hansen har hissa på seg grunnfjellet i Krf. Partiveteranane Gunnar Prestegård og Johan Halleråker slår i følge Vårt Land ring om Dagfinn Høybråten og maner til forbøn for han. Valgjerd Svarstad Haugland ser raudt. Ho meiner det er ubibelsk å berre be for dei ein er einige med, og er skremd over ei åndeliggjering av saka. Eg er samd med ho. Krf treng debatt om sin ståstad i framtida. Krf er i identitseskrise. Om Høybråten var den rette til å lede partiet, ville ikkje meinigsmålingane vise det dei viser no, meiner no eg, utan at eg skal sei meir om den saka. Om ein vingeklipper dei unge i partiet, har partiet inga framtid. Ønsk heller debatten velkomen, og ta den modig og raust! Og det er ikkje berre Høybråten som treng våre forbønner, men alle som leier Krf. Så treng partiet først og folk som engasjerer seg for dei fundamentale kristne verdiane i samfunnet, som t.d vernet av liv, retten til ein verdig alderdom, valfridom, eit inkluderande arbeidsliv, likeverd, trusfridom og ytringsfridom.Av og til må ein ta valg, og innsjå kva verd ein lever i. Barnelærdom er å ta dei kampane som er verd å ta, dei som ein har sjangs til å vinne. Å prøve å endre alt på ein gong ville vore fånyttes.

Forresten eit lyspunkt i mediabildet: Sten Sørensen maner til ro i følge Vårt Land. Igjen viser han seg som ein vis kristenledar. Han meiner Krf først og fremst treng arbeidsro. Det trur eg også!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s