Latskap og nåde

tankefull- (c) Solveig Grønstøl

I deler av dagens kristennorge er det populært å forkynne nåde. Og takk og pris for det. Nåden er det verkeleg sentrale i evangeliet- frelst av nåde, og bare nåde! Det er sjølve grunnsannheten i kristenlivet det.

Men nåden kan lett få slagside. Eg skal ta eit eksempel frå dagleglivet. I vår  familie som består av to vaksne og tre barn er det ein grunnleggande verdi at alle er elska for den dei er. Mine barn er mine barn, høgt elska, uavhengig av det dei gjer eller korleis dei oppfører seg. Men for at familien skal fungere som ein enhet er det avhengig av at alle familiens medlemmer bidrar med det dei har forutsetning for å klare. Femåringen vår kan vaske trappa, rydde rommet, sette på plass skoa i gangen. Niåringen kan enda meir, og elleveåringen vår kan gjer ganske mykje. Alle i familien tar ansvar, og bidrar slik at familien fungerer. Dette er god læring, gir mestring, og følelse av å vere betydingsfull.

Slik er det også i Guds rike. Vi er alle Guds barn, elska betingelseslaust. Men fordi vi er ein familie forutsetter eit fungerande fellesskap at alle bidrar med det dei kan. Det kan vere tider då ein ikkje kan bidra så mykje, eller tider då ein sjølv må kvile fordi ein er sjuk td. Når mine ungar er sjuke forventer eg ikkje at dei skal gjere noko. Men det normale for friske og oppegåande folk er jo at ein bidrar.

Om eit kristent opegåande menneske seier: «eg treng ikkje gjere noko for alt er jo nåde, eg treng ikkje be, eg treng ikkje lese bibelen, eg treng eigentleg ingenting,» er det ikkje eigentleg fordekt latskap, eller giddaløyse? Å la vere å be og lese bibelen går ut over eige trusliv, det er som å slutte å ete, å la vere å gjere noko i fellesskapet går ut over andre.

Eit sunt kristent menneske bidrar det han kan. Å ligge på sofaen å få middagen servert veke etter veke, er ikkje det. Nåde kan lett bli latskap om ein ikkje har med konsekvensen nåden får for oss. Vi må gje respons på det han har gjort for oss. Og her ligg det store; gjennom den nåden vi har fått, kan vi få formidle den til andre! Då begynner saker og ting skje, slik at nåden ikkje får sin endestasjon hos oss.

Ha ein fin dag!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s