Optimist som «vet det går bra til sist»

Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus. Fil 4,6-7

Er du og bekymra til tider? Eg er det. Eg tenker og dveler på ting eg ikkje får gjort, uroar meg for framtida, bekymrar meg ustanselig for småting. Bekymring gjer meg gretten og sur. Det er ingen god strategi for eit godt liv.

Har du lagt merke til at somme menneske nesten alltid er optimistiske? Det er ikkje det at dei ikkje har sine dårlege dagar? Eller at livet deira går på skinner.

No er det visstnok ei aldri så lita mengde gener som avgjer kva temprament ein har. Eg er td ein utprega melankoliker. Det betyr ikkje at eg går rundt og er trist heile dagen, men eg er kanskje litt henfallen til dei verkeleg djupe kjenslene, på godt og vondt. Ingen kan synke så djupt som ein melankoliker gjer. Men eg har lært meg med tida at etter regn og storm, kjem sol- alltid. Så på dei dagane der alt er stummande mørkt kan eg tenke, det blir sikkert ein bedre dag i morga. Og som regel blir det det!

Det er på dei tunge dagane bekymringane kan ta overhand. For at dei ikkje skal gjer nettopp det har eg laga meg ein regel om å IKKJE løyse verdsproblem slike dagar. Ein anna hemmelighet er som det står i filipparbrevet, å legge alt framfor Gud, han som har skapt himmel, jord, menneske, dyr og det uendelige svære universet. Det pleier å sette ting i perspektiv. Vi kan be om alt. Så må vi overlate til Gud å svare. Av og til kjem han med snarlege løysingar, andre gonger må vi uforklarligvis gå den tunge vegen. Men då har han lova å vere der ved sida vår. Då slepp vi gå der aleine, med alt vår elende.

Å legge fram ting for Gud kan forvandle den mest gretne av oss til optimistar. Eg tenker ikkje på overfladiskhet, men på ei livsholdning som har forventing om at Gud er med. Ein optimist veit jo, i følge Jan Teigen, at det går bra til sist. Då kan ein både vere realistiske, og kjenne på alle slags kjensler, men samtidig løfte blikket, og bære alle ting framfor Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Då kan vi få oppleve at Guds fred som overgår alt vit og all forstand skal bevare tankane våre i Jesus, og det han har gjort for oss. Er ikkje det fantastisk?

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s