Mammaliv

Fekk så lyst å legge ut min artikkel MAMMALIV- som eg skreiv for lenge sidan under ein anna tittel.Her er ein litt bearbeida versjon.

Då eg låg totalt utslitt, men i lykkerus på barsel med mi førstefødte, sa mor mi til meg: “No ligg det ei tid framføre deg der du aldri kjem til å kjenne deg hverken opplagt eller nydusja.” Eg syntes det hørtes noko ekstremt ut då, men innser at ho mor hadde nok rett den gongen ja. Men det er sider ved det å vere mamma som er langt hyggeligare enn å vere skitten og trøtt og då. Det er i grunn ganske flott å vere småbarnsmor, når sant skal seiast!

Eg tenkte på det her om dagen, då eg såg at det låg sandkasseleikar på nattbordet mitt. Det er mange rare sider ved det å vere mamma. Som når du finn bilnøklane i skoa dine, eller bleiene i do. Ein dag fann eg forresten ein leikeorm i badekaret. Den såg forresten ganske ekte ut, så eg var glad svigermor ikkje var på besøk.

Eg prøver somme tider å vere ganske patentlig, og halde orden i sakene. Og eg greier det og, iallefall nokre få timar. Eg rekk nesten over heile huset, før det er rotete igjen i andre enden. Eg var flink eingong. Då budde eg på hybel aleine, og hadde storvask ein gong i veka. Ut med alle ryer og matter, full utlufting- no skal ungdomen vaske! Det tok meg sånn ca tre kvarter, så var alt i sin skjønnaste orden, og det lukta grønsåpe i alle krokar. Det er ikkje fullt så enkelt no om dagen. Som  3-barnsmamma, student næringsdrivande, stort hus, bil, (men ikkje volvo), har eg ikkje nubbesjangs. Klevasken fyller halve vaskerommet, og huset rekk eg omtrent over i løpet av ein 3-vekers syklus. Berre det er hygienisk, tenkjer eg somme tider, og let det stå til. Det var iallefall reint.

Eg finn ikkje bleier i doen lengre, eller truseinnlegg og bind som er klistra bakom doen, på innsida av skap og dusj, og ellers overalt der ein kan tenkje seg. Ungane har vokse frå akkurat det.  Men av og til når stova får deg til å tru at du har emigrert til legoland, og badet minner mest om eit forskningslaboratorium, gjeld det å puste djupt og roleg.

Eg hugsar at hos bestemor mi, der fekk vi lov til å rote. Iallefall på kjøkenet hennar. Der fekk vi lov til å ta oss ut. Vi fekk bake, vi fekk klippe og lime, vi fekk male, både med penslar og fingrar, vi fekk lage trolldeig og male på silke. Og då bestefar levde fekk vi bøte garn og sette krokar på lina (de kan tru det var stas!). Og ein sjeldan gong fekk vi rote i gamle klede på loftet, og finne dei rare kjolane til bestemor og kle oss ut. (Det fekk vi ikkje lov til lengre då bestemor fann ut at ho skulle sende kjolane sine til fattige i Uganda.) I vaksen alder har det slått meg at det må ha vore mykje rot med oss. Men kjøkenet til bestemor står for meg som mitt barndoms paradis. Der fekk vi lov til å grise og rote. Vi måtte sikkert rydde og, men det hugsar eg ikkje.

Eg prøver å tenke tilbake på kjøkenet til bestemor når eg finn mengder med papirlappar under stovebordet som minstejenta har kjørt gjennom bølgepapirpressa. Eller når det dukker opp eit ukjent antal gråsteinar, som er nummererte, visstnok er ei verdifull samling skattar som ikkje skal rørast. Eller når eg må brenne bål når eg har hatt storopprydding på barneromma, fordi søppeldunken er full allereie, og det er 2 veker til tømming. Det er jammen godt vi bur grisgrendt, og kan brenne når vi vil. (Då vi flytta hit tenkte vi at vi skulle vere lovlydige og varsle brannvesenet, men dei lurte berre på kvifor i alle dagar vi ringte.)

Ungane mine begynner å bli store no. Og dei kan overraske meg med kaffi på senga, eller cherrytomater dandert vakkert saman med raudlauk og salatblad på ein tallerken til frokost. Dei kan overraske meg med å rope “mamma- kom og sjå!” Og i det eg opnar augene mine får eg sjå både soverom, stove og yttergang i sin skjønnaste orden, og kleda er sortert etter farge og eigar. Stolheten struttar av ungane, og eg får tårer i augekroken. Ja, jammen er det flott å vere mamma. Men eg er aldri utkvilt, og det er nesten aldri stille eller heilt reint i huset. Men det gjer ikkje så mykje heller, eigentleg. Sjølv om eg veldig ofte kunne tenke meg å sove nokre døgn, berre så eg fekk kjenne nokre dagar korleis det er å vere heilt utkvilt. Viss det er mogleg då?

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s