Bomskudd frå helsedirektoratet

shutterstock

«I den nye handlingsplanen mot uønskte svangerskap vil Helsedirektoratet sikre mykje lettare tilgang på gratis kondom. Eit av tiltaka er å arbeide for at kondom kan kjøpast gratis på nettet.» Dette skriv Vårt Land i dag. Målet er å få ungdom til å bli bevisste kondombrukarar. No skal eg ikkje begi meg ut på ei moraliseringspreike. Men det er noko eg vil etterlyse i dagens undervisning angåande seksualitet. Kor er undervisning om følelsar, om integritet, om etikk knytta til seksualitet? Det er mitt inntrykk at fokuset i stor grad knytter seg til teknikk, kondombruk og p-piller.

Fokuset til helsetilsynet er å gjere 15 åringar til bevisste kondombrukarar er å angripe problemet på feil måte. Kva med å sette seg høgre mål? Kva med å ha som mål å utsette den seksuelle debuten, med tanke på at ein modnast med alderen? Kva med å skape samtalar omkring etiske aspekt ved seksualdrifta? Kva med bevisstgjering av kva ein tidleg seksualdebut gjer med kjenslelivet? Kva med å bevisstgjere jenter om viktigheten av å sette klare og tydelige grenser mht eigen kropp. Kva med å lære unge gutar å ta eit nei for eit nei, og ha eit bevisst og ansvarleg forhold til seksualitet? Sjølvsagt skal det undervisast om kondomar også, men fokuset bør flyttast over på det holdningsskapande i mykje større grad.

Det føregår sikkert mange samtalar i dei 1000 klasserom og andre fora. Men slike samtalar må kome sterkare inn. Eg trur helsedirektoratet skyter bomskudd med sin nye kampanje. Eller er det eg som er gamaldags?

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s