Forbønn med respekt

shutterstock

I dagens Vårt Land kan du lese om Natasha Pedersens familie som vart oppsøkt av ein gruppe ungdommer få timer etter at dattera deira døde. Dei brukte ufine metodar, og målet deira var å vekke opp datteren Andrea fra de døde.Les historien her.

verdidebatt spør så Øyvind Woie kven som har ansvaret for slik oppførsel, er det etisk riktig å oppsøke folk for å be for dei. I mange ungdomsmiljø er det no vanleg å gå ut på gatene for å oppsøke sjuke.

Først av alt vil eg sei at historien i dagens Vårt Land er skrekkelig. Å få ivrige ungdommar på døra som vil vekke opp si døde datter må vere traumatisk. Dette vitnar om ein total mangel på respekt og empati. Men saka hadde stilt seg heilt annleis om det var dei pårørarande som bad om forbønn.

Eg trur det er best å la folk få oppsøke forbønn sjølv, om dei ønsker det. Eg hadde for min eigen del opplevd det negativt å bli stoppa på gata. Då eg eingang var sjuk følte eg meg mange gonger som reine «forbønnsofferet» i ettermøter fordi folk var så ivrige etter å sjå meg frisk at dei gløymde at eg var eit menneske, og med andre behov. Det er ingen god følelse for ein rullestolbrukar at folk ser berre rullestolen. Kronikarar med synlege handikap ønsker ofte meir enn andre at nokon skal sjå dei som menneske, og ikkje som handikappa.

Det hadde ikkje skada om ein sette framgangsmåtar meir i høgsetet. Ein god regel må iallafall vere å spør folk med respekt kva dei ønsker å bli bedt for og om dei ønsker det. Og det må vere heilt greitt å sei nei. Eg har sagt det mang ein gong. Før fekk eg dårleg samvittighet for det, men no kjenner eg det ikkje det fnugg. Det er tross alt bare eg som kan sette dei grensene. Og ein forbønnssituasjon skal ikkje vere prega av overkjøring. Det kan lett bli til åndelige overgrep.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s