Med skråblikk på eit menighetsliv

foto: Solveig Grønstøl

«Eg kjeder ræva av meg på møtet!» var det ein som sa, om møtet han sjølv leda. Litt av eit paradoks, kan ein sei, men likefullt noko mange rundt om i norsk tradisjonelt menighetsliv erfarer kvar bidige veke. Ein må jo sei det slik dersom ein skal kalle ein spade for ein spade, eller vere dønn ærlig, som ein også kaller det.

Eg har vore på mange kjedelige møter. Mange. Og eg har gjespa meg gjenom salmevers om bekker som bruser, og om «hvor salig det er å samles», og preikener om Arons kappe, og røykelsens betydning i tempeltjenesten. Og folk sit lydige på kvar sin stol, og studerer nakkehåra til han som sit framfor, eller teller lysarmatur i taket. Vi går heim, og vil ikkje innrømme at vi ikkje ville invitert nokon i vårt nabolag til den kjedelige seansen vi nettopp har vore delaktige i. Vi unner ingen noko så kjedelig. Ingen!

«Å gå inn den døra der er som å gå 40 år tilbake i tid,» var det ein som sa om menighetshuset i heimbygda. Ja ein kan faktisk lure på om det er historisk museum, eller Guds halvdøde menighet ein entrer inn i. Eg tviler ikkje på den gode intensjonen, men når medlemstallet viser jamn nedgang, kanskje mest på grunn av at alle basartantene har reist heim til herligheten dei siste 10 åra, er det mulig det er på tide å gjer iallefall eit par grep. Iallefall er det på tide når gjennomsnittsalderen i ungdomsforeinga har passert 70, og 50-åringar er for ungdomar å rekne.

Eg undrar berre somme tider på om den tradisjonelle menighet appelerer til det postmoderne mennesket. Folk i dag som er kunnskapsrike, som gir blaffen i lærar og prest og andre oppnevnte autoritar, som er kritiske på ein heilt anna måte enn før, individuaistiske til tusen.

Ekthet og ærlighet er dyder som vert verdsatt i dag. Likeså om folk kjenner at dei får innputt til sitt daglege liv, som inkluderer utfordringar av ymse slag. Hadde folk fått kome til menigheten, senke skuldrene, og kjenne: dette gir meg styrke til å leve mitt kristne liv blant mine venner, i mitt nabolag, på jobben, og formidle noko av himmelen der eg er.

Det er på tide å revurdere vårt bilde av kva ein menighet er. I bibelen er det først og fremst folk som er overgitt til Gud og kvarandre, og som til stadighet var saman. Må ein menighet virkelig ha ein pastor, eller mengder med virkegreiner, eit fint lokale, ein plattform og eit lydanlegg? Eg lurer litt på det for tida. For om menighet er folk som er overgitt til Gud og kvarandre, kvifor gjer vi det då så innmari vanskelig?

Advertisements

One Comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s