Kvinnerefleksjonar

shutterstock

Eg likar å kalle meg feminist. Ikkje mannehatar-feminist, men rett og slett feminist. Menn og kvinner skal ha like rettar, muligheter, likelønn og alt det der. Då eg var nyfrelst var eg i konflikt med sjølvaste apostelen Paulus. For eit kvinnesyn den mannen hadde, tenkte eg. Eg greidde ikkje heilt svelge det der med å tie i forsamlinga. Etterkvart oppdaga eg at ein del ting som stod i bibelen var utrykk for kultur og slett ikkje malar for korleis ein skal innordne seg i dagens samfunns- og menighetsliv. Eg skjønte at det rett og slett ikkje var nødvendig å vere fundamentalist, sjølv om ein liksom skulle vere det for å vere på rett spor.

BIBELENS KVINNESYN. Eg slit ikkje lenger med Paulus sitt kvinnesyn. For heile nytestamentet er gjennomsyra med ekte kvinnefrigjering, der Jesus sjølv strålar som den store kvinnefrigjerar i si samtid. Og det er som kjent summen av Guds ord som er sanning. Og summen er at det ikkje lenger er skilje mellom mann og kvinne. Vi er ulike, men har same verdi, og blir sett på som unike individ. Mange av leiarane i urkyrkja var nettopp kvinner. Dette gløymde dei høge herrane etterkvart, då dei til og med gjorde kvinner til menn i bibelen for å få manneteologien til å gå opp (Junia- i Rom 16, som er eit kvinnenavn, og som mange teologar meiner faktisk var ein apostel). Men det var ikkje Jesus si skyld at damene vart meir eller mindre eliminerte! Ei heller den allmektige Guds skyld. Jesus valgte sjølv kvinner til å vere dei første vitnene til oppstoda. Kvinner, som ikkje var rekna for å vere truverdige vitner til noko som helst. Kvinner, som var annenrangs borgarar. Bibelens bodskap er slett ikkje kvinneundertrykkande. Men kyrkja derimot har vore det opp gjennom historia.

FLAU KVINNEANDEL. Så kvifor skriv eg dette i dag? Jo det er fordi eg fekk ei brosjyre i hende, om ein bibelskule i hovudstaden. Jovisst er kjønnsfordelinga ganske skeiv, det skal vere sikkert og visst. Kun 2 av 10 lærarar ved denne skulen er kvinner, og av 8 gjestelærarar er INGEN av kjønnet kvinner. Kvifor er det store spørsmålet. Kven skal unge kristne jenter i dag relatere til? Kva skjer når det meste av kristen lære og teologi blir forkynt av menn? Vi mister iallefall halve perspektivet på livet, gjer vi ikkje?. Kan det vere bl.a  derfor mykje av kristen forkynnelse i dag oppleves virkelighetsfjern? Jovisst, vi har Jesuskvinner, og Kvinner i nettverk, men eg skjønner ikkje kvifor damene må lukke seg i eigne fora for å sleppe til. Det er jo reine falitterklæringa. Men eg skjøner det utfrå brosjyra eg fekk i dag. Ein kvinnenandel på drøye 10 % er ikkje akkurat noko å rope halleluja for.

Nei de som rår: FÅ DAMENE PÅ BANEN! Og det helst med det same! Og då meiner eg at dei faktisk må bli SYNLIGE, og ikkje stua vekk på eit kjøkken ein eller anna plass.

Advertisements

One Comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s