Dei små og nære ting

Då eg var ung og nyfrelst ville eg gjere alt som stod i mi makt for å leve for Jesus. Eg kjente på kallet, om å følge han. Eg ville gjer det i tjukt og tynt. Drøymde om å gjere store ting. Oppleve meir, sjå meir, leve sterkare. For han. Og eg opplevde masse. Det skjedde sterke ting. Men det skjedde noko meir. Eg forstrekte meg, og eg vart sliten. Var aldri heilt sikker på om Gud var nøgd med meg, eigentleg.

Så fekk eg familie, og ungar som opptok meg døgnet rundt. Og eg fordømte meg sjølv fordi eg ikkje fekk vere med på «dei store tinga» lengre, og gå i ferdiglagte gjerningar. Heilt til eg såg at Gud faktisk var med i dei små tinga. På sengekanten med ungane, ved frukostbordet, når både tårer og majones fløyt. Han var med i fortvilelse, og i glede. Når livet berre var heilt vanlig. Når det ikkje skjedde noko, når alt var på det jevne. Ja så var Gud der og da.

Så kunne eg slappe av, og falle til ro. Guds vilje finst jammen og i det små. For ingen av oss veit riktig kva som eigentleg er det store. For kva om det store nettopp ligg her, i dei små og nære ting?

Advertisements

One Comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s