Den kontrollerte sivilisasjon

shutterstock

«Det er heilt utrulig at vi i det 21. århundre ikkje har bedre måter å takle dette på!» Dama på ein flyplass i London var forvila og hadde nesten tårer i augene. Anledninga var at ho var askefast, og gjerne ville heim til sine kjære i Irland. Utsagnet illustrerer både sårbarhet og eit enormt behov for kontroll mange har. I vår vestlige og siviliserte verd har vi vendt oss til å ha full kontroll på det meste. Vi streber etter den, frå fødsel til død. Og om det skulle skje noko som er utanfor vår kontroll fortviler vi, og får store problemer.

Aske frå Island lammar flytrafikken i nesten heile Europa. Aske som ingen rår med. Ingen kan sei kor tid det er over, om Katla vaknar, eller om utbruddet er over i morgon. Det gjer mange usikre. Nokre blir redde. Vi har ikkje kontroll. Skulle vi forresten ha det?

Slikt sett kan dette vere ei nyttig påminning på eigen sårbarhet. Vi rår ikkje med alt. Vi er ikkje gudar. Alt i alt er vi veldig veldig små menneske i ein veldig stor verden, og eit uendelig stort univers. Rart vi trur vi er verdens navle.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s