Husmorfrustrasjon

shutterstock

Kven av oss har vel ikkje gått tom for middagsinspirasjon ein og anna gong. Iallefall eg gjer det støtt og stadig. Det blir liksom det samme opp att og opp att, pannekaker, fiskepudding og fiskekaker, og kjøttdeig i alle variantar, dvs pizza og taco. Jaja eg kan svakt minnast i mitt barndomsrike at det var litt slik heime og, berre at at  vi fekk pølse i brun saus, lungemos og fisk (som eg ikkje likte den gangen). Også blodpølse da. Ungane mine ler når eg forteller om det og spør kvifor ikkje vi kan ha lungemos til middag. Eg berre brekker meg ved tanken.

Så prøver eg da somme tider å få litt inspirasjon for å trylle fram nokon nye rettar. No har jo nettet overtatt for kokebøker, og eg googler intenst det eg kan. Rask middag, enkel middag. Og i dag kom eg over denne: ein vekemeny for heile veka. Jippi, tenkte eg. Har nokon endelig tenkt for meg? Dette må eg lese! Eg vart heller litt skuffa då eg oppdaga innhaldet. Mandag: Quesadilla med kylling. Quesadilla, kva for noko? Og kven har eigentleg korianderfrø i matskapet? Iallefall ikkje eg. Mogleg eg er gammaldags? Tirsdag: Saltbakt fjellaure. Ja det er jo noko ein får tak i lett som bare det! Onsdag: Potetsalat med dil! Ok- eg tviler på at gjengen hadde blitt happy for den. Torsdag: Biriany. Her var det masse rart. Eg tviler på at krydderhylla på den lokale shappa hadde visst kva eg snakka om viss eg spurte etter kumin. Fredag: Linsesuppe med stekt pølse. Jaja, eg har ein gut som hadde blitt glad for pølsene iallefall! Laurdag: Pizza! Hurra, denne greier eg å få til. Så var det søndag og Coq au Vin. Say no more! Det var 1 av 7 rettar som eg trur eg hadde greidd å få til med tanke på varebeholdninga i lokalbutikken. Ellers hadde dei sikkert bestilt til meg. Men eg trur ikkje eg hadde greidd å stave ingrediensane rett eingong på lista mi og enda mindre sei dei rett. Så da var eg like langt i dag igjen. Bedre lykke i morga kanskje? Eg trur eg heller steiker fiskepudding. Kjedelig eg er!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s