Hjernevaska?

Siste episode av hjernevask med Harald Eia rulla over skjermen i går. Eia har blitt både skamrost og kraftig kritisert etter dei sju episodane. Eg synes serien har vore interessant, sjølv om kan vere einig om at Eia ikkje har hatt det beste tilnærming til forskarane. Men ein ting har han fått fram, noko som eg synes er litt urovekkande. Norske forskarar framstår som politisk motiverte, og ganske trangsynte i forhold til biologiske forhold. Er vi født sånn, eller blitt sånn? har Eia spurt. Norske samfunnsforskarar synes ikkje det er relevant og interessant om vi er født sånn. Det er synd. Iallefall når vi veit at det er denne forskninga som har farga den norske politikken dei siste tiåra.

Det gjorde inntrykk å høyre historia om Viktor som vart født med eit deformert kjønnsorgan. Han vart operert til jente som liten, og fekk store problem med kjønnsidentiteten. Han følte seg så sterkt som ein gut, samtidig som at alle ville at han skulle vere jente. Alstå; han var født med kjønnsidentitet. (Viktor vart seinare operert til gutt). Dette vil ikkje samfunnsforskarane ta inn over seg. Det vart tilogmed hevda at ingen kan kjenne kjønnsidentitet utan språk. Kjønnsidentitet er alstå noko vi lærar ifølge forskarane.Om forskarane hadde vore litt meir opne hadde dette forsåvidt ikkje vore eit problem. Men når dei har holdninga: «dette er ikkje interessant», på det som er politisk ukorrekt er dette skremmande.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s