Den beste investering

Barneombud Reidar Hjermann vil at sjefar skal sende heim foreldre som jobbar for mykje, ifølge Vårt land. Han meiner skilsmisse er ei stor årsak til at mange barn sliter. Han meiner arbeidsgiver bør bidra til at folk får det godt i privatlivet. Eg kunne ikkje vore meir einig. Det må da vere god samfunnsøkonomi å verkeleg gjere ei storsatsing på at folk skal halde i lag, og ha gode samliv. Vi veit jo at mange psykiske plager hos vaksne er relatert til problematikken. Skilsmisser koster samfunnet mykje, i form av sjukepengar, psykiske plager, psykosomatiske sjukdomar, ungdomar som dropper ut av skulen, bl.a. Å ta denne problematikken på alvor hadde spart samfunnet for millionar. Problemet er vel berre at politikar ikkje har ville snakke så høgt om dette. Ein skal jo ikkje gje folk dårleg samvit. Men all ære til Hjermann som no tek dette opp og tør å snakke om det. At famliefolk ikkje treng å måtte jobbe seg i hel, og får lov til å ha tid til familien vil arbeidsplassen tene på. Samtidig er dette først og fremst folk sjølv sitt ansvar, å setje familien først, og prioritere samliv og barn, framfor andre ting. Det finst vel inga betre investering enn det?

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s