Dei dyrebare samtalane

tankefull- (c) Solveig Grønstøl

Kun 10 % av kristne foreldre snakkar med barna sine om tru, i følge ei amerikansk undersøking i følge KPK. Foreldre betyr heile 80 % for barnas tru, kyrkja berre 25 %. I lys av dette er det då underleg at kristne foreldre i så stor grad overlet den åndelige oppdraginga til menigheten, er det ikkje? Om 90 % ikkje snakker med barna sine om tru, har ikkje då kyrkja då ein formidabel innsats å sette inn overfor å bevisstgjere foreldre som trusformidlarar? Kvifor overlate dette til proffe barnearbeidarar, når foreldre er den viktigaste ressurssen? Det eine utelukker ikkje det andre, men det er vel på det reine om ein ser på slike tal burde hovudinnsatsen til kyrkja vere å styrke foreldra si rolle.

Snakker vi med barna våre? Å prøve å få til litt høgtideleg andaksliv i familien har nok vore kjelde til ein del sjølvfordømming, og frustrasjon i ein del kristne heimar. Og så har ein kanskje gitt opp, og lagt lokk på det istaden? Men kvifor ikkje gjer tru og tvil til kvardagslege ting?

Her heime har vi aldri fått til dette berømmelige andakslivet. Det blir så fort kunstig. Men vi snakkar om tru, samtalar om bibelske tema, snakkar om eksestensielle spørsmål, liv og død, og snakkar ope om teologiske stridstema, og at der finst ulike syn på ting. Og vi har bedt saman med ungane når dei har ønskt det. Trua er ein integrert del av kvardagen, like naturleg som alt anna.

Tru om ikkje grunnen til at folk ikkje snakkar om tru med barna sine er at vi lekfolk har overlatt diskusjon om teologi og tru til dei «proffe», til menighetens eldste, og pastorar og ledarar. Her er vi iallefall på kollisjonskurs med det almenne prestedømmet. Spørsmål om tru og tvil burde så absolutt vore sett på dagsorden rundt bordet heilt ordinære kvardagar. Det er her kristenlivet først og fremst skal levast, og ikkje berre innanfor ei kyrkjebygning kvar søndag føremiddag. Det er i sjølve livet, det vanlege livet ein skal leve sitt kristenliv. Saman med familie, venner og kollegaer, på jobben og i nærmiljøet. Men vi har overlatt alt til menighetens ledelse og trusutøvelsen til menighetens lokaliteter.

Å overlate den åndelege oppdraginga til menigheten når den i virkeligheten betyr så lite er hasardiøst om ein vil at ungane skal få behalde si barnetru og vekse mot ei moden tru. Menighetsliv føregår først og fremst i heimane, sju dagar i veka, 365 dagar i året. Det er på høg tid å sette det almenne prestedømmet i fokus ved å kvardagsliggjere tru og tvil, og få samtalen kring trussprørsmål til å flyte fritt rundt kjøkkenborda. Foreldre, grip mulighetane! Det er utrulig lærerikt å gå inn i denne verda saman med barna, og gå vegen saman med dei, gjennom både tru og tvilslandskap. Og det blir mange dyrebare stunder av det.

Advertisements

One Comment

  1. Dette er et interessant tema og det du skriver gir grunn til ettertanke. Jeg tenker at det handler også om integritet. Det handler om det livet vi lever sammen med barna, og da er det vi sier og snakker om kun en del av en helhet. Vår tro kommer til uttrykk i hvordan vi lever livet, og der er ingenting skjult for våre barn. De kjenner oss tvers igjennom og gjennomskuer oss.

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s