Benny Hinn og den sjokkerte Ulf Ekman

Pastor i Livets Ord, Ulf Ekman er sjokkert over jetsetevangelistens Benny Hinns undervisning på Europakonferansen nyleg. Han kallar det intet mindre enn reinspikka gnostisisme.

Det er vel og bra at nokon reagerer og faktisk set sprøsmålstegn ved det som blir forkynt. Samtidig synes eg det er ein smule pussig at Ekman blir sjokkert. Visste han ikkje kven Benny Hinn var og kva han står for?

Det som får Ekman til å sette bremsene på er læra om at Jesu blod heilt og holdent var Guds, og den kjente «Hagin»-læra at mennesket er ein ånd, som har ei sjel, og bur i ein kropp. Sistnevnte er velkjent trosbevegelselære, og blir enda forkynt i mange kretsar. Dette burde Ekman vere velkjent med, og tatt eit intert oppgjer med også.

Når det gjeld Benny Hinn, som eg forøvrig ikkje har sansen for, burde vel Ulf Ekman tenkte seg om eit par gonger til før han inviterte han til Europakonferansen. Mange av desse kjendispredikantane lever liv som overhode ikkje samstemmer med det sann kristendom er og representerer. Å velte seg i luksus, drive økonomisk utruskap og skifte ektefeller som ein skifter undertøy er desverre blitt meir norm enn dei fleste bør like. Moralen er til tider fullstendig i oppløysing. Og liv og lære står milevis frå kvarandre. Skal vi da verkeleg lytte til desse jetset-predikantane?

Advertisements

One Comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s