Med livet i ein tynn tråd

shutterstock

I går kveld grein eg meg gjennom ein dokumentar på TV2- «med livet i en tynn tråd». Den handla om fortidlegfødte barn, deira foreldre og om livet på nyfødtposten ved eit svensk sjukehus. Det er snart 10 år sidan vi sjølv fekk kjenne noko av dette på kroppen sjølv. Vår nyfødde gut, som var 4 veker for tidleg født, vart livstruande sjuk, og svevde mellom liv og død. I litt over ei veke vart vi som famlie ein kasteball mellom fortviling og håp, mellom liv og død. Guten vår kunne døy kor tid som helst. Alt var usikkert. Eg tør ikkje tenke på korleis det må vere for folk å leve i denne tilstanden over ein lengre periode. Iallefall, desse to vekene på nyfødtposten på Haukeland i år 2000 gjorde noko med oss. Så sjølv om det har gått ti år, kan eg framleis kjenne på den håplause fortvilinga det er  å ikkje vite om du har ein levande unge om ein halvtime. Døden kom så ufattelig nær, han pusta oss rett ut i nakken.

Vi fekk beholde vår gut, og har ein livsfrisk gut i dag, takka vere framifrå legar og sjukepleiarar på Haukeland. Dei jobba på spreng for å berge livet til vår skjønne baby. Gudsendte englar, det var det vi følte dei var.

Eg skreiv nokre ord den gongen, som eg vil dele her:

«Eg var sliten og utmatta etter 5 dagar i uvisse. Skulle me verkeleg få behalda vår litle gut? Midt i all fortvilinga hadde me verkeleg kjent Guds ubegripelege omsorg og godhet. Ei kjensle eg knapt visste eksisterte. Det var som om me kunne kjenna at Guds fred låg rundt oss som eit teppe. Og  alle legar og sjukepleiarar gjekk rundt som englar. Då, mens eg sat der og såg på den nydelege guten vår, opna han augene sine og såg på meg, for fyrste gong.»

Kjære guten min

I dag opna du augene for  fyrste gong

Det vart eit sterkt møte mellom oss

Tårene rann nedover kinna mine mens du låg der,

og kikka på meg med dei nydelege augene dine

Rommet vart metta av eit underleg nærvær;

av sjølve Livgjevaren; Gud Fader sjølv

Himmel og jord møttes der.

Det var så vidunderleg sterkt å kjenne freden senka seg

I dag rann gledestårene

No veit eg at du skal leva, kjære, kjære guten min!

-mamma di, på dag 5
Advertisements

One Comment

  1. mine jenter f. veke 28 var 3 mnd på prematur.eg havna i en boble der verden ikkje betyr noke.eg telte tima og minutt..håpet om livet vaks for kvar dag.for ho minste var der operasjon og mangen kritiske tima.legane såg ikkje håp,men vi har en Far i himmelen som er legen over alle lega og i dag er jentene 3,5 år…Haukeland har et fantastisk personal på prematur!

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s