Bevar oss frå det vonde?

foto: Solveig Grønstøl

Ei tragisk båtulykke utanfor Arendal der danske ungdomar er involvert, sender sjokkbølger gjennom eit ungdomsmiljø. Ein kristenledar meiner dette vil endre ungdomane sitt syn på Gud. For er det slik at Gud beskytter oss kristne frå «det vonde» alltid?

Når nokon er ute for ei ulykke, og det går bra, seier vi gjerne at dei hadde englevakt. Men kva med dei gangane det ikkje går bra, hadde ikkje dei englevakt? Eg har sjølv stilt meg spørsmålet mange ganger. Kvifor svarer Gud some tider bønn, og andre gonger tilsynelatande ikkje? Kristne folk døyr og i både ulykker og i sjukdom. Det ser ikkje ut som om vi på nokon måte er ekstra beskytta mot slike ting.

Så kva bilde har vi av Gud? Er han ein som skal verne oss frå alle vonde hendelsar, eller er han ein som vernar oss frå det vonde på den måten, at han er med gjennom alt? Gjennom sorg, og savn, og gleder, gjennom liv og død, gjennom ulykker og sjukdom.

Gud i mitt bilde? Når Gud blir ein Gud som lettvindt beskytter oss frå alle vonde ting, har vi danna han i vårt eige bilete. For livet er ikkje slik at alt alltid går bra. Det burde vere barnelærdom, men er det ikkje. Litt for mange kristne misser fotfestet den dagen dei opplever sjukdom og ulykker. «Var ikkje Gud der? Kva synd har eg gjort? Er ikkje Gud god likevel?» Vi ber om at Gud skal verne oss, beskytte oss. Og nokre gonger skjer mirakel, folk blir mirakuløst friske, eller ting ordnar seg på merkelig vis. Men andre gonger skjer ikkje noko. Det vart ikkje som vi ville.

Djupare meining? Men kanskje har Gud ein anna oversikt enn vi? Han er jo større, han som har skapt universet og alt levande. Kanskje det ligg noko djupare i «Gud bevar meg frå det vonde» enn berre det å ikkje oppleve ulykke og sorg?

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s