Å sitte til bords med kven som helst

Partileiar for Senterpartiet på Færøyane vil i følge NTB og Vårt land ikkje ete middag saman med den Islandske statsministeren. Årasaka er at den Islandske statsministeren kjem med kvinnelig følge, ho er lesbisk og har inngått ekteskap. Det liker Jamis av Rana dårleg, han meiner Jóhanna Sigurdardóttir har ein ubibelsk livsførsel, og slike vil ikkje han ete middag saman med. Mange meiner visst det same som han. No skal det seiast at det må vere lovleg å ha det synspunkt at homofile ekteskap er naturstridig, og nekte å ete saman med dei og. Men eg tykkjer argumentasjonen er merkeleg. Den færøyiske partileiaren kan då umogleg ha Jesus som føredøme iallefall, i sin konklusjon. Jesus provoserte dei religiøse jødane med at han nettopp åt saman med syndarar og tollarar(Luk 5,30). Han vart tilogmed kalla storetar og vindrikkar. (Luk 7,34). Det er åpenbart at Jesus menga seg med folk som ikkje var godtekne av dei religiøse leiarane den gongen. Betyr det å sitte til bords saman med nokon at vi legaliserer ei livsførsel? Merkelege greier…Så vidt eg klarer å lese bibelen, gjorde da Jesus ikkje det. Han spurte iallefall ikkje etter om folk hadde ein såkalla bibelsk livsførsel før han sette seg til bords med dei.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s