Guds menighet

Menighet er snodige greier. Då Jesus reiste herfrå sa han at han ville bygge sin menighet. Sidan den gong har menighet vore oppturar og nedturar for mange generasjonar kristne. Å lese seg gjennom kyrkjehistoria som eg gjer no, er ei reise gjennom alt for mykje elendighet, og maktmisbruk. Likevel har Gud aldri forlatt sin menighet, enn kor mykje rart vi finn på. Eg har vore på vandring i forhold til mitt eige syn på menighet. For kva er det eigentleg. Kva bestemmer at ei samling kristne er ein menighet? Er det at dei samlast på eit lokale med kors på, er det eit form for lederskap, ein pastor? Er det registreringa i Brønnøysund. Eg trur ikkje det. Men menighet er heller inga tilfeldig samling folk.

Slik eg ser det er menighet først og fremst folk som har gitt seg til Gud, og så til kvarandre. Dernest er det nokre element som skal vere der: Vi finn dei i Apostelgjerningane 2, 42: «Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.»Så her har vi læra til apsotlane, fellesskapet, nattverden og bønnene. Her trur eg vi finn sjølve essensen i kva ein kristen menighet skal vere. Eg trur vi somme tider gjer det for vanskelig. Treng vi ikkje legge ned lista? Det finst mange små fellesskap i kristennorge som er nettopp dette. Kvifor ikkje berre kalle dei menighetar?

Advertisements

One Comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s